Håvard (14) restaurerer gamle båtar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk ikkje jobb – byrja å restaurera båtar som 11-åring

Først publisert på Sunnhordland.no.

I Sæverhagen på Stord står ein ung kar og jobbar på ein gammal Nordlandssjark bygd i 1960.

Styrhuset har han gjort tett, og han har byrja pussa og beisa på skroget. Spant skal bytast ut, det same gjeld fleire hundre naglar. Namnet på sjarken er «Sabben», og 14-åringen har ein kjempejobb føre seg.

– Eg har alltid vore interessert i båtar. Mange i slekta er båtinteresserte, fortel Børtveit.

Det første flytande fartøyet som Børtveit fekk i eige, var ein liten 18 fots båt som han restaurerte.

– Det vert ein del timar med arbeid kvar veke. Eg har ikkje kontroll på kor mykje, ler han.

Ville jobba

Det heile byrja med at Håvard berre ville ha seg ein jobb.

– Men eg får som regel ikkje svar og får ofte høyra at eg er for ung.

Han leita etter jobb i eit par år frå han var ni år, før han gav litt opp og kjøpte sin første båt i 2015, då han var elleve.

– Eg tenkte at eg ikkje berre kunne sitja heime og venta på svar på søknadane. Så då ville eg heller byrja å læra, og kjøpte meg eit vrak av ein båt på Bømlo for 1000 kroner.

BÅTINTERESSERT: Håvard Børtveit har alltid vore interessert i båt. Foto: Ingvild Siglen Berger

Etter å ha fiksa dørken og «shina» den opp, var det tid for å selja.

– Eg tok det tunge arbeidet, slik at den som kjøpte berre kunne gjera finjusteringar, fortel Børtveit.

Han fekk 3500 kroner for båten, som han brukte på å kjøpa den neste, nemleg ein Selco. Då gjekk arbeidet mest på det elektriske.

– Når eg pussar opp har eg vorte veldig god til å spørja folk. Og ein finn mykje på internett no, smiler 14-åringen.

Etter at han var ferdig med båt nummer to, kjøpte han seg ein GH11 med hol i skroget. Neste båt vart litt større, nemleg ein Saga 20 med Volvo Penta-motor. Alle har han seld.

MOTOREN: Her oljar 14-åringen motoren i sjarken, som er ein Saab. Foto: Ingvild Siglen Berger

Levande materiale

Det vanskelegaste prosjektet, er det han held på med no om dagane. Nemleg sjarken frå 1960.

– Det er noko anna å jobba med trebåtar enn plast. Tre er jo eit levande materiale, og eg har ikkje så mykje peiling på trebåtar, fortel Børtveit.

14-åringen kjøpte sjarken rett før sommarferien. Motoren er ein Saab diesel, som gjer at den fine «snekkelyden» sjølvsagt er på plass. Så langt har Børtveit pussa og beisa for å få sjarken fin. Styrhuset har vorte tett med nye vindauga.

– Det store prosjektet har vore å byta naglar. Eg har jobba på han heile sommaren, så det har vorte lite fritid, seier han.

Han tør ikkje telja kor mange naglar det er på heile sjarken, men har byta omkring 200 til no og er om lag halvvegs. Faren har vore med og hjelpt ein god del.

– Det er ein god sjøbåt, men eg er redd eg går lei av den før den kjem på sjøen att. For det vert så mykje arbeid. Me får sjå!

Helst vil han fiksa ein båt som har overnattingsplass, slik at han kan køyra lengre turar. Difor har han byrja reparera ein Princess 31, som står heime i hagen.

– Eigentleg likar eg betre å jobba med plastbåtar, for då har eg meir kontroll. Men eg prioriterer arbeidet med sjarken no, smiler Børtveit.

Vil på skuleskip

Utanom å restaurera båtar, er 14-åringen leiar for ungdomslaget til Redningsselskapet, som det går ein del tid til. Elles starta han nettopp i 10. klasse på Nordbygdo skule, og likar godt å trena.

– Det gjeld jo å ha tid til alt då, og ikkje ta på seg for mykje, seier han.

Om det vert noko nytt båtprosjekt når Nordlandssjarken er ferdig pussa opp, veit han ikkje. Men Håvard fortel at han gjerne vil jobba med båt i framtida.

– Eg har ikkje tenkt så altfor mykje på det, men eg skal prøva å komma inn på eit av skuleskipa her i landet og utdanna meg til matros i starten, for så å byggja meg oppover, seier han.

Les heile saka på Sunnhordland.no!