Neda (18) skal finne klimaløysingar med stortingspolitikarar og klimaforskarar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det eg kan om klima har eg frå Internett, frå videoar og frå lesarinnlegg. Det er ein anna ting å snakke med folk som har peiling på det, og som ser større samanhengar, seier Neda Valeckaite.

18-åringen frå Bergen er éin av åtte utvalde ungdomar som i august skal vere med når Bjerknessenteret for klimaforskning seglar med Statsraad Lehmkuhl til Arendalsveka.

Om bord på Noregs eldste og største skværrigga seglskip er næringslivstoppar og stortingspolitikarar, klimaforskarar og universitetslektorar, og eit knippe studentar og skuleelevar med eit brennande engasjement for klima.

– Eg trur mange ungdomar er fortvila. Deira stemme vert ikkje høyrt. Når dei inviterer oss med så er dei interesserte i oss, som framtida, og dei vil vi skal lære endå meir om temaet, seier Valeckaite.

Tidleg klimainteressert

Tidlegare i vår lyste Bjerknessenteret ut ei annonse der dei inviterte ungdom til å søkje om gratisplass på seglasen. Det einaste dei laut gjere var å skrive ein søknad der dei fortalde kvifor dei ville delta, samt skildre korleis Noreg kan verte eit nullutsleppssamfunn.

Valeckaite fekk nyss om utlysinga på skulen, dagen før fristen gjekk ut.

– Eg tenkte det var ei vidunderleg mogelegheit til å sjå korleis andre menneske som har jobba med klima ser på utfordringane, seier ho.

18-åringen har vore oppteken av klima sidan ungdomsskulen. Då skulle klassen skrive stil om temaet, og interessa utvikla seg gradvis – frå matsvinn til forbruk til konsekvensane av ein varmare klode.

Klimaengasjementet var også ein av hovudgrunnane til at Valeckaite melde seg inn i Hordaland Europeisk Ungdom. Ho meiner ein politisk organisasjon er meir rusta for å løyse klimakrisa, enn det ein rein miljøorganisasjon vil vere.

Openbert å ha med ungdom

– Det var openbert å ha med skuleelevar for det er dei som på sikt vert framtidas leiarar, seier Tore Furevik.

Han er professor ved Universitetet i Bergen og direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning, og skal også sjølv vere med når Statsraaden kastar loss frå Bergen.

Furevik fortel at dei kring 80 deltakarane på seglasen vert delt inn i grupper, og skal i løpet av turen både ha arbeidsoppgåver på båten og diskusjonsoppgåver.

Tanken er at det i diskusjonane mellom personar med ulike roller kan dukke opp gode løysingsforslag til korleis ein møter klimakrisa, og korleis Noreg kan verte klimanøytralt.

– Det er folk som kan ein del om klima og energi, og ein del om korleis landet vert styrt. Eg trur at å bringe dei saman med folk som tenkjer annleis og har unge og spennande tankar, kan vere ein god match, seier klimaforskaren.

– Mange av dei som er fødde i år 2000 vil oppleve år 2080 og 2090. Det mange ser på som ei fjern framtid er ikkje ei fjern framtid for dei. Det er liva deira. Eg trur ungdomane ser at det er dei som skal arve alle problema som min generasjon og den førre har laga, seier Tore Furevik. Foto: Bente Kjøllesdal

– Håpar ungdomen ikkje gjev opp

Tore Furevik fortel at søknadsbunken vitnar om ungdomar med eit veldig engasjement for klima- og miljøsaka. Det synest han er oppmuntrande:

– Ungdomane ser at vegen vi er på i dag ikkje er berekraftig. Vi brukar ressursane for fort og øydelegg miljøet og klimaet rundt oss. Ungdomane er utan tvil meir engasjerte enn kanskje den generasjonen som er i andre enden av aldersskalaen, seier han.

Klimaforskaren fortel at klimaengasjement til no har gått i bølgjer. Det var ein topp i 2007 då FN sin klimarapport kom og klimapanelet fekk fredsprisen. I 2015 då FN sine berekraftsmål og Parisavtala kom i stand.

Så kom 1,5 grad-rapporten i haust og synte kor alvorlege konsekvensar det vert om ein ikkje klarar måla og kor mykje det hastar. I tillegg byrja Greta Thunberg å streike:

– Ho har fått i gang eit veldig engasjement globalt – eg kan ikkje kome i hug ei einaste sak som har engasjert så mange ungdomar i så mange land, på tvers av religion, av kultur og av alle landegrenser. Det er eit heilt unikt, seier Furevik og legg til:

– Eg håpar ungdomane ikkje gjev opp, men beheld engasjementet utover.

Frå klimapessimist til optimist

Sjølv skildrar Neda Valeckaite seg som ein smule klimapessimist. Ho sorterer, resirkulerer og i heimen har dei kompost. Men samstundes held Noreg fram å leite etter olje.

– Det følest som noko arbeider mot oss, at alt vi gjer er for lite, seier 18-åringen.

– Eg har litt av den pessimistiske tankegongen – i media vert dei negative sidene framheva, men kva positive utviklingar har vi?

No håpar Valeckaite seglasen kan gjere litt meir optimist av pessimisten.

Ho håpar ho kan lære korleis ho kan påverke meir, og verte i stand til å legge meir press på politikarane slik at tiltak og tilrettelegging vert gjennomført.

– Eg har kunnskapen, men det tyder ikkje at eg slepp ut mindre CO₂. Sjølv om eg prøvar å handle miljøbevisst, så er det ikkje så veldig lett, seier 18-åringen.

Valeckaite ser fram til gode debattar og spennande tankar, og ikkje minst håp – ei retning landet kan arbeide i.

Går glipp av første skuleveka

Før august kjem og Statsraaden legg til kai, skal Neda Valeckaite ha ferie. Ho reiser til Hellas, der dei så langt i sommar har kjent ekstremvarmen på seg, som ho sjølv også påpeiker.

Samstundes ventar 18-åringen på svar frå Samordna Opptak om ho kjem inn på førstevalet – medisin ved NTNU i Trondheim.

Første veka i skuleåret brukar ho uansett på ein seglbåt langs norskekysten.

– Vert du sjøsjuk?

– Eg håpar ikkje det, svarar 18-åringen og ler.

– Eg har ikkje segla på ein slik båt før, men dei eg har vore på så har det gått greitt. Så eg håpar eg blir i fin form!

Endå konsekvensane av klimaendringar har vore kjent i fleire titals år, føler Valeckaite at samfunnet på mange måtar framleis stampar i same sporet: – Vi er i 2019, men vi snakkar framleis om tiltak vi må ta i framtida. Vi må gjere det no. Foto: Bente Kjøllesdal