Vi handlar mat og drikke for 44,4 milliardar i sommar

Vi kjem til å handle mat og drikke for 44,4 milliardar i juli og august, går det fram av tal frå Virke, handel- og tjenestenæringens hovudorganisasjon.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

− Vi ser igjen ein sterk sommarhandel av mat og drikke. Etter julehandelen er det månadene mai til august som er viktigast for omsetninga av mat og drikke, seier Ingvill Størksen, direktør for Virke Dagligvare i ei pressemelding.

Det blir berekna at 36,7 milliardar av dette beløpet vil bli brukt i daglegvarebutikkar.

Les også: Nesten ingen kommunar vil kutta i kjøttet: – Overraskande at dette ikkje søkk inn

Grenselaus grensehandel

Aukande grensehandel konkurrerer med omsetninga av daglegvarer i Noreg. I 2018 gjekk om lag seks prosent av norske daglegvarekroner til handel i Sverige. I sommar er det venta at vi vil legge igjen 2,75 milliardar kroner på dagsturar til utlandet.

I Østfold merkar dei grensehandelen spesielt godt. Der omsette dei for 31.927 kroner per innbyggar i 2018, noko som er 8.000 kroner under landsgjennomsnittet.

Les også om Kristiansand kommune som vil bli best på matsvinn: – Det medfører store klimagassutslepp å produsere denne maten som vi berre kastar

Solvor Stølevik er klima- og miljørådgivar i Kristiansand kommune, og har ansvar for matsvinn-prosjektet til kommunen. Foto: Ragna Marie Henden