Droppar matkastelov – bekymra for manglande grep
Matsvinnutvalet har lagt fram tiltak for å halvere matsvinnet i Noreg. – Stor risiko for at matsvinnet no blir flytta til bonden og forbrukaren, seier Framtiden i våre hender.
– Det kartlagde matsvinnet i Noreg var i 2021 på 450.000 tonn. Tiltaka dette utvalet foreslår, er rekna til å ha eit samla reduksjonspotensial tilsvarande 350.000 tonn, eller 75 prosent av det kartlagde matsvinnet.
Det sa utvalsleiar og direktør i NHO Mat og drikke, Petter Brubakk, då han i dag overleverte Matsvinnutvalet sin rapport til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen og landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Utvalet har hatt i oppdrag å sjå på korleis Noreg kan halvere matsvinnet innan 2030. Dei skulle også komme med eit framlegg til matkastelov, men tilrår i staden fire tiltakspakker som skal få ned svinnet.
I tiltakspakkene blir det mellom anna føreslått å innføre eit krav til aktsemd og styrking av den eksisterande bransjeavtalen om matsvinn.
Den omfattar både private og offentlege verksender, men er frivillig og ikkje juridisk bindande.
Kravet inneber mellom anna at alle sektorane må utarbeide eigne tiltak mot matsvinn og vidareutvikle kanalar for donasjon til Matsentralen.
Dette er utvalet
Utvalet har bestått av:
- Petter Haas Brubakk (NHO Mat og Drikke)
- Halvard Hauer (VIRKE), Jorulf B Silde (NHO Service og Handel)
- Knut Lutnæs (Dagligvarehandelens miljøforum)
- Egil Chr. Hoen (Noregs bondelag)
- Guro Bøe Wensaas (Kommunesektorens organisasjon)
- Ingrid Kleiva Møller (Framtiden i våre hender)
- Lone Flyvholm (Sjømat Norge)
- Gunstein Instefjord (Forbrukarrådet)
- Per Christian Rålm (Matsentralen)
- Bjørn Tore Kyllo (Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund)
- Aina Stensgård (Norsk institutt for bærekraftsforskning)
- Hilde Haug Simonhjell (Norsk institutt for bioøkonomi)
- Alexander Schjøll (Forbruksforskningsinstituttet)
- Ana Karina Carvajal (SINTEF Ocean)
Fiskeridirektoratet, Landbruksdirektoratet, Mattilsynet og Miljødirektoratet har delteke som observatørar, medan Naturvernforbundet, Avfall Norge, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Dagligvareleverandørenes forening, Norges Fiskarlag, NHO Reiseliv, Nofimas divisjon for sjømat og Green House AS har delteke som referansegruppe.
Donasjonsplikt
Utvalet foreslår også at alle aktørane i verdikjeda skal utvikle ein felles standard for datadeling og ein rettleiar for nedprising, i tillegg til fleire regulatoriske grep.
Dei omfattar mellom anna:
- Donasjonsplikt
- Krav til nedprising i daglegvarebutikkane
- Fjerning av mva. på mat som blir gitt bort
- Revidering av regelverket for haldbarheitsmerking
- Fremjing av matdonasjon og bruk av frukt og grønsaker med lågare sortering i offentlege anskaffingar
- Gjennomgang av praksis for fastsetting av haldbarheit
Mindretal for økonomisk insentiv
At utvalet ikkje tilrår éi særskild matkastelov, men i staden peikar på fleire ulike føresegner som til saman vil kunne utgjere ei matkastelov, er Ingrid Kleiva Møller frå Framtiden i våre hender kritisk til.
Saman med Gunstein Instefjord (Forbrukarrådet) og Alexander Schjøll (Forbruksforskningsinstituttet SIFO) utgjorde ho også eit mindretal i utvalet som meiner det burde bli innført økonomiske insentiv der det er mogleg.
Møller er særleg bekymra for at utvalet sine framlegg manglar grep som kan få ned matsvinnet i hushalda.
Ho viser mellom anna til ei svensk undersøking som syner at store pakningar og lokkeprisar gjer at forbrukarane både handlar meir og kastar meir.
– Maten norske forbrukarar kastar kvart år har ein verdi på 12 milliardar kroner. Dette er pengar daglegvarebutikkane vil tape om matsvinnet går ned. Moglege økonomiske insentiv kan difor vere ei matsvinnavgift for matbransjen, forbod mot å selje mat med tap og forbod mot 3-for-2-tilbod på varer med kort haldbarheit og returavtaler som gjer at butikkane kan levere attende mat til produsentane utan å betale for det, seier ho til NPK.
Desse kastar mest
I Noreg kastar vi meir enn 450.000 tonn etande mat kvart år. Det svarer til cirka 84,7 kilo per innbyggjar.
Hushalda står for 48 prosent av matsvinnet, etterfølgt av matindustrien (19 prosent), daglegvarehandelen (15 prosent), jordbruket (9 prosent), serveringsbransjen (3 prosent), sjømatindustrien (3 prosent) og ein prosent hjå grossistleddet, kiosk, bensin- og servingshandel og offentleg sektor.
Mektige aktørar
På forbrukarsida seier Møller at eit anna og meir kontroversielt alternativ er at kommunane krev høgare gebyr for matavfall frå forbrukarane.
– Rapporten ser ikkje på korleis ein kan hindre at matsvinnet no blir flytta frå eit verdikjedeledd til eit anna. Det er mektige aktørar i midten av verdikjeda, og stor risiko for at matsvinnet blir flytta til første og siste ledd; til bonden og forbrukaren. Me meiner difor den frivillige bransjeavtalen bør bli erstatta av ei produksjonsansvarsordning for mat, seier Møller.