Trafikklyssystem skal premiere klimatiltak ved universiteta

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) pønskar no på eit eige poengsystem som skal vise kor gode utdanningsinstitusjonane er på klimatiltak.

Det gjeld ikkje minst det å få ned reiseverksemda med fly, men òg slike ting som klimasmarte innkjøp, redusert energibruk, mindre matsvinn, biologisk mangfald på campusane og studieprogram som støttar opp om berekraftsmåla.

Les også: Norske medium er skeptiske til å endra klimaspråk: – NTBs linje er ikkje å forby ord

Grønt, gult eller raudt lys

– Reint praktisk jobbar vi no med å lage poengkort som viser kva universitet og høgskular som får grønt, gult eller raudt lys på dei ulike områda, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø til Khrono.

– Det er kjempebra at sektoren ser på korleis dei kan bidra til eit lågare klimautslepp. Det er nettopp det vi treng, seier ho.

Les også: Nesten ingen kommunar vil kutta i kjøttet: – Overraskande at dette ikkje søkk inn

Skal ikkje favorisere Oslo-gryta

Departementet vil òg sørgje for at kriteria for reiseverksemd tar omsyn til kor i landet institusjonane ligg. Ute i landet er det nemleg fleire som er opptatt av at reglane ikkje må favorisere institusjonane i Oslo-området.

– Det er viktig at dei same prinsippa gjeld for alle. Dei som held til i Oslo, må då delta via det same virtuelle møterommet, seier professor Tor Eldevik ved Bjerknessenteret for klimaforsking ved Universitetet i Bergen.

Les også om korleis dei færraste kommunar har skulehagar – går glipp av lærerikt klimatiltak