Jonas (10) er DJ Axillar – og skal spela for fleire tusen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har jobba med dette i eitt år no, fortel Jonas Hansen, også kjent som DJ Axillar.

På t-skjorta til femteklassingen frå Haugesund står det Axillar, som er DJ-namnet hans.

– Eg har berre sete og spelt og tenkt korleis songen er bygd opp, svarar tiåringen, på spørsmål om korleis han har blitt så god til å spele musikk.

Les også: Ti år gammalt stjerneskot skal spela på Tysnesfest

Brukar mykje tid

No går han på kurs på Musikksenteret kvar tysdag og brukar så mange timar som mogleg på å laga musikk.

– Eg bruker ganske mykje tid, men lekser og skulen stoppar meg frå å laga musikk, seier Jonas.

Det heile byrja ganske enkelt med at Jonas ville ha ein god overgang mellom dei ulike låtane medan han spelte køyrespelet Driver med musikk på headsetet.

– Det er mykje vanskelegare enn det du trur. Det eg syntest var vanskeleg var at eg hadde ein liten kontroller og faderar, så når eg skulle bytta song så sleit eg litt med å få den andre songen på tid, fortel Jonas.

Sjå DJ Axillar på scena under Den store sommarfesten i Odda: 

Møtte Alan Walker

I dag sit han og miksar lydar med programmet Ableton og har spelt framfor tusenvis av menneske saman med «Staysman». I sommar skal han mellom anna spela på Tysnesfest, der han tidlegare har fått lov til å møta Alan Walker.

Saman med Marshmellow og Kygo er Walker eitt av førebileta til den unge DJ-en.

Folk kommenterer gjerne at «du kjem til å bli den nye KYGO», men Jonas er ikkje einig. Han vil bli Axillar.

Les også om Amanda (12) som lærer vekk koding til jamaldrande: – Dei fleste problema er at Internett koblar seg av eller at musa sluttar å fungere

Med pappa som manager

10-åringen drøymer om å bli DJ – eller elektrikar, som pappa. I tillegg til å jobba som elektrikar fungerer pappa som manager og får telefon eller e-postar frå folk som vil at DJ Axillar skal spela for dei.

Og sjølv om pappa ikkje alltid forstår kva han held på med, så synest Jonas det er god hjelp i å ha han til å lytte gjennom musikken og gje tilbakemelding.

– Det er ikkje alltid eg høyrer om det er bra eller ikkje, smilar tiåringen.

Les også intervjuet med dokumentarfilmskaparen som har følgt Kjartan Lauritzen: – Han lagar musikken, men det er fansen som har gjort han stor