Saka er henta med velvilje frå Bladet Tysnes.
Jonas Hansen (10), også kjend som DJ Axillar, skal spela mellom AURORA og Matoma, fredag 12. juli. Dette skriv Tysnesfest i ei pressemelding.
I fjor sende managementet til Alan Walker ein e-post til festivalen, om at dei hadde sett opp eit backstage-møte mellom Walker og den unge DJ-en. I år er det altså sistnemnde som får stå fremst på scenen.
– Me har òg sett fleire videoar der Jonas trer inn i rolla som DJ Axillar, og me må seia me er svært imponerte! skriv festivalen i pressemeldinga.
Les også: Kvar er dei kvinnelege musikkprodusentane?
– Han digga ideen
På det biletdelingsmediet Instagram har det unge stjerneskotet over 7.500 følgjarar; blant desse er Matoma, som skal spela etter DJ Axillar under Tysnesfest.
– Me snakka med Matoma tidlegare i vinter og spurde han om kva han tenkte om at me vurderte å gi DJ Axillar speletid. Han digga ideen, skriv Tysnesfest.
Mixar songane live
– Eg synest han er dritflink. Som far hans seier, han mixar songane live. Han har ikkje noko ferdigmixa. Det er ikkje mange DJ-ar som gjer det, seier dagleg leiar i Tysnesfest, Øystein Vaage, til «Tysnes».
– Kva tenkjer du om å gi ein så ung musikar ein slik sjanse?
– Eg synest det er veldig gøy å kunna gjera det. Eg trur at me gir han ein stor sjanse no, seier Vaage, som trur å spela på Tysnesfest vil vera bra for karrieren til den unge DJ-en.
Vaage kan òg fortelja om gode prognosar for sjølve festivalen i år:
– Billettsalet går godt. Me ligg langt framfor det me gjorde i fjor på denne tida. Me ligg nesten på 2017-tal; det var rekordåret vårt, seier han.
DJ Axillar er allereie godt i gang med førebuingane: