Då eg var 20: Julie Forchhammer skulka førelesingar og drøymde om å gjera opprør mot systemet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For femte gong skal danske Julie Forchammer ta imot Norrøna-kledde festivalgjengarar i Jotunheimen. Vinjerock har med eit avgrensa publikumstal på 1060 meter over havet vorte ein av landets mest eksklusive festivalar.

I 1993 var Julie Forchammer 20 år, budde i kollektiv i Bergen, brukte all tid på Studentradioen, såg veldig lite dagslys, møtte nye vener og var ein elendig student.

– Og så tok eg min første tatovering. Ein salamander til kr. 750,-. Det var vel det jeg hadde fantasi og pengar til, skriv 46-åringen.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Meininga var eigentlig å studera samanliknande politikk på Universitet i Bergen. Men det gjekk til helvete. Førelesingane begynte kl. 08.15 så dei skulka eg stort sett. Eg var sikkert for ung til å setta pris på Frank Aarebrot sine utbroderingar om politikk og historie.

Mine medstudentar var veldig ambisiøse AUF-arar som ønska seg ein karriere i politikken eller UD. Det gjorde ikkje eg. Heldigvis hadde eg blitt med i Studentradioen i Bergen då eg flytta til byen i 1992. Der jobba eg både som teknikar og i musikkredaksjonen. Eller, jobba og jobba, det var jo ikkje betalt, men vi fekk løn i form av eit sosialt nettverk, fyll og masse av arbeidserfaring.

Hugsar du kva som skjedde?

Dagane besto mest av usunne innandørsaktivitetar. En blanding av sigging på kontorlandskapet der Studentradioen og Studvest holdt til. Sigging i radiostudioet. Øl på Hulen eller Garage kombinert med konsertar og flipperspel. Sånn gjekk det året. Akkurat som 1994. Og 1995.

Julie Forchhammer fokuserte meir på det sosiale enn studiene i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Foto: Privat

Kva las du/såg du på/lytta du til?

1993 var eit sterkt musikkår. Det blei sloppe eit titals legendariske album som vi spelte døgnet rundt i kollektivet. Vi høyrte på britpop, grunge, hiphop, metal, og indie. Masse masse indie. All indie var kred og alt som var kred var bra. Vi svømte midt i bergensbølgja, Pogo Pops ga ut Crash og det elsket vi høgt.

Til og med dei litt meir “intellektuelle” folka i musikkredaksjonen som Tore Renberg og Karl Ove Knausgård var Pogo Pops fans.

Her kan du høyra nokre av låtane som utgjorde soundtracket til Julie Forchhammer året 1993:

Det er sjukt å tenkja på at dei albuma der alle kom i 1993. Eg hugsar såvidt eit par album frå 2018. Men hugsar godt ein 30-40 album frå 1993.

Les også om då Heidi Marie Vestrheim var 20 år og oppdaga Joni Mitchell og den skeive verda!

Hugsar du 20-årsdagen din?

Slett ikkje. Tippar det blei eit par øl på Garage. Ein runde med flipperspel. Og kanskje ein tur på Pastasentralen viss eg hadde spenn til det.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Eg vil tippe Roskilde 1993 var det største eg opplevde det året. Men sidan eg trass alt var 20 år og på Roskilde er minna vage. Eg hugsar at eg sovna framfor Orange Scene på Neil Young og vakna med ein 50.000 menneske rundt meg. Det er det sterkaste vage minnet frå det året.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg visste berre at eg ville gjere opprør mot systemet. Fullstendig utan å vete kva det «systemet» eigentleg var. No veit eg kva systemet er. Og vil framleis gjere opprør mot det. I alle fall dei delar av systemet som øydelegg kloden, nektar å hjelpe flyktningar og forfektar at vi alle står oss sjølv nærast.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg tvilar på at eg tenkte lenger enn kor eg skulle skaffa pengar til neste husleige, øl og sigg frå.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

At den indie/grunge/student-looken med oversized klede og dårleg farga mørkt hår ikkje var spesielt kledeleg.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Ikkje lag/drikk heimelaga absint og vask alltid av havregrautgryta med ein gong.

Les også om då Carl Frode Tiller var 20 år og fekk ein pistol mot hovudet i Brasil:

Forfattar Carl Frode Tiller fylte 20 år i 1990. Det året starta han på sosialantropologi før han reiste til Brasil. Foto: Aschehoug/privat