Opnar eige funkisbibliotek

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 17.12.2018 12:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattar, kulturskribent, kunstkritikar, kurator og musikar Bjørn Hatterud meiner det er viktig med representasjon i kulturen. Foto: Tove Breistein, Samlaget

– Dei fleste av dei me ser er funksjonelle, ofte slanke, og ei overvekt kvite menneske. Avvik og det som er annleis vert ikkje vist fram i like stor grad, og ofte vert det problematisert og vanskeleg, seier forfattar Bjørn Hatterud.

Tidlegare i år gav han ut boka Mot normalt, som er ein del av Samlaget sin serie Norsk røyndom. Her fortel Hatterud, som er homofil og har nedsett funksjonsevne, om si oppleving av å vere ein del av fleire minoritetar.

Les også om då Bjørn Hatterud stod fram som homofil på 20-årsdagen sin.

Superhelt i rullestol

Laurdag skal forfattaren vere med på opninga av Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU) sitt Funkisbibliotek.

– Det er mykje faglitteratur om det å ha nedsett funksjonsevne, men om du er 15 år er det litt keisamt og du vil heller lesa skjønnlitteratur, seier leiar i NHFU-Tamarin Varner.

Ho håpar at biblitekarar kan koma til funkisbiblioteket og finna inspirasjon til å løfta fram historiar der fleire kan kjenne seg att og finne rollemodellar.

Leiar i NHFU, Tamarin Varner, meiner det er viktig at meir mangfald i litteraturen kan skapa betre forståing. Foto: Privat

– Då eg var lita elska eg å lesa, men eg leste aldri om nokon som sit i rullestol, difor tenkte eg jo at det ikkje er normalt. For oss som har assistent er det jo heilt normalt, så kvifor skal det ikkje vera det for andre? undrar ho.

Varner meiner det er viktig at forfattarar gjer seg kjent med historiene og kvardagane til familiar der nokon har nedsett funksjonsevne, slik at ein kan finne personar som til dømes sit i rullestol i barnelitteraturen.

Ho understrekar at funkisbiblioteket ikkje berre handlar om personar med nedsett funksjonsevne, men er ein plass som skal vera universelt tilgjengeleg der fleire kan kjenna seg att.

– Me vil jo ikkje at biblioteka skal ha ei eiga avdeling med skjønnlitteratur om personar med nedsett funksjonsevne, men at det finst i avdelinga for skjønnlitteratur, understrekar ho.

Les intervju med Tamarin Varner: – Kvifor skal samfunnet behandla oss annleis enn alle andre?

Sex og kjærleik

Forfattaren Hatterud meiner det er viktig for unge med nedsett funksjonsevne å koma til eit bibliotek der historiar om annleise kroppar og funksjonalitet ikkje druknar i haugane av det han kallar normalitet.

Her håpar han at bibliotekgjengarane kan finne bøker, lydbøker, filmer og anna kultur som viser gode rollemodellar og ulike måtar å leva på.

Han meiner mellom anna at historier om seksualitet og kjærleik er særleg viktig.

– Mykje av kulturen vår legg opp til at for å oppleva kjærleik skal du gjere deg fysisk fortent til det. Du skal helst ha trent og svelta deg til det. Jenter er aldri tynne nok, gutar er aldri nok trent, eller har stor nok penis. Mange med synlege funksjonsnedsettingar har difor ein angst for aldri å oppleve kjærleik, seier Hatterud.

Fysisk møtestad

Vidare etterlyser han historiar der ein ser personar med nedsett funksjonsevne vere sosialt komfortable, gjere karriere og starta eit familieliv, som for mange er ein draum.

– Alt som er vanskeleg for ungdommar i alderen 15-25 er ytterlegare vanskeleg om du har nedsett funksjonsevne, difor trur eg det er viktig med førebilete, understrekar forfattaren.

Han håpar òg at biblioteket kan verte ein fysisk møtestad for personar med same interesser og slik motverka einsemd. Han meiner det er viktig å bli mint på at variasjon er normalt og at eit annleis utgangspunkt kan vere vel så bra.

– På Instagram og sosiale medium er dei med flest følgjarar gjerne dei med dei rettaste tenna og penaste kroppane, men dei som er kulast på ungdomsskulen er ikkje nødvendigvis dei som lukkast best i vaksenlivet. Det å ha eit annleis og tøffare utgangspunkt kan vere ein fruktbar posisjon for å skaffa seg eit kult vaksenliv.