Åtte flyfrie feriar som motverkar flyskam

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som ein klok mann ein gong sa på Messenger på ferie frå kontinentet: «Heile Europa er jo på sett og vis tilgjengeleg utan fly viss du har nok motivasjon og flyskam.»

Desse reisene tek utgangspunkt i Oslo, men så sant du ikkje bur i Finnmark er det berre ein ekstra tog eller buss-etappe som trengs for å ta deg dit.

Her er åtte tips for deg som enno ikkje har planlagt ferien:

København

Det er, og har alltid vore, deilig å vere norsk i Danmark, men visste du at du kan reise der med betre samvit enn Norwegian-tilboda til 399,- vil gje deg.

Frå og med i år har alle passasjerferjene på veg mot Danmark tilgang på landstraum i Oslo, noko som gjer at dei ikkje lenger går på tomgang for å lada batteria og difor slepp ut mindre CO2 og NOX.

København er òg tilgjengeleg med buss. Du kan sove deg gjennom åtte timar og vakne opp i ein annan hovudstad. Der kan du nyta synet av Den lille havfruen vel vitande om at du ikkje bidreg til at havet tek ho tilbake.

Hamneområdet Nyhavn i København trekkjer til seg mange turistar. Foto: Nick Karvounis, Unsplash.com

Stockholm

«Heller Vy enn fly,» som det stod på ein plakat under skulestreik for klima. Den svenske hovudstaden er lett tilgjengeleg med både tog og buss. Begge deler tek rundt 7-8 timar og kostar alt frå 249,- til 699,-.

Den svenske hovudstaden har eit utal slott, som du kan utforske. I ekte Karlson på taket-stil har svenskane òg byrja å tilby takvandring, dersom du vil opp i lufta utan å fly.

Svenskane kan å «fika». Foto: Jessica Guzik, Unsplash.com

Hamburg

Denne tyske byen ligg berre ein 15 timars busstur unna. Tysklands nest største by har vorte kalla «Nord-Europas Venezia» og kan by på imponerande arkitektur og ingeniørkunst – det er jo trass alt Tyskland.

Fordelen med å ta buss hit er at du kan nyte rolege turar langs kanalane utan å tenkja på at havet stig.

Speicherstadt i Hamburg er ein del av hamneområdet i byen som vert kalla «Nord-Europas Venezia». Foto: Claudio Testa, Unsplash.com

Berlin

For å kome til überhippe Berlin må du belage deg på ein litt lengre og dyrare busstur. Du må rekne med minst 17 timar på buss og minst 1800 kroner tur-retur. Til gjengjeld kan du nyte storbyen med godt samvit. Her finn du vegetarmat som du i Noreg berre kan drøyme om.

Kva med å ta ein tur til den nedlagde flyplassen Tempelhof, som no er ein populær park og friluftsområde. Her er landingshjul bytta ut med rulleskøyter på landingsstripene.

I tillegg må du sjølvsagt sjå restane etter Berlinmuren, Checkpoint Charlie og minnesmerket over Holocaust.

Checkpoint Charlie markerer overgangen mellom det som under den kalde krigen var Vest- og Aust-Berlin. Foto: Yeo Khee, Unsplash.com

Amsterdam

Selskapet Flixbus, som tilbyr turar til kontinentet har faktisk direktebus frå Oslo til Amsterdam, men då må du rekne med å vere på reise i nærare eit døgn.

Når du kjem fram er det første du må gjere å få tak i ein sykkel. Frå sykkelsetet er nemleg den einaste måten du verkeleg kan sjå denne hovudstaden og føla deg som ein ekte nederlendar.

Byen har alt – inkludert bystrender, så her kan du få med deg både paraplydrinkar, Van Gogh og Red light-district.

Den tidlege ekspresjonisten Vincent Van Gogh har sitt eige museum i Amsterdam, men òg på Rijksmuseum kan ein sjå sjølvportrett av den produktive kunstnaren. Foto: Ståle Grut, Unsplash.com

Paris

Kjærleikens by ligg berre ein og ein halv dag unna med tog eller buss. Skal du ta tog kan du anten starte med Kiel-ferga frå Oslo og ta tog vidare på kontinentet, eller du kan ta vegen via Sverige. Uansett må du belage deg på litt sjøfart.

Denne ruta er òg relativt lett tilgjengeleg frå Nord-Noreg, du tek berre tog frå Narvik til Kiruna (som i det siste har vorte kjent sidan heile byen må flyttast tre kilometer på grunn av gruvedrifta) og vips er du i Sverige der toga går myyyyykje fortare enn i Noreg.

Vel framme i Paris kan du sjå Eiffeltårnet, som har ein isbane i ein av etasjane vinterstid. Ikkje minst bør du setje av god tid til å vitje Louvre og ta ein tur til øya som husar Notre Dame.

Hugs også å ete godt med ost og macronar. Paris j’taime<3

Den franske hovudstaden Paris er full av sjarm og romantikk. Foto: Roman Kraft, Unsplash.com

Salzburg

Via Sverige, Danmark og Tyskland kan du òg kome deg til Austerrike.

Salzburg er ei lita perle som gjev deg alpekjensla, trass i at det berre ligg 400 meter over havet. Frå byen kan du ta turen opp for å sjå utsikta frå festninga Hohensalzburg, som er den mest vitja attraksjonen i Austerrike, utfor Wien.

I tillegg husar byen Mozarts fødestad, som i dag er eit museum. Ikkje minst kan du koma deg vidare opp i Alpane, for den som vil ha både kultur og natur.

Over byen ruvar festninga Hohensalzburg, som er Europas største festningsanlegg frå det 11. århundre. Foto: Erik Odiin, Unsplash.com

Warszawa

Også Polen er tilgjengeleg med buss eller tog, så lenge du har tolmodet til å bruka eit drygt døgn.

Den polske hovudstaden kan by på mykje staseleg arkitektur og eit lågare prisnivå enn mange av dei andre europeiske hovudstadane.

Om du føler for å læra litt historie kan du òg ta ein dagstur til Auschwitz, men pass deg for å kalla konsentrasjonsleiren «polsk».

Wilanów-palasset vart bygd i 1677-1696 til Polens konge Jan III Sobieski og har overlevd mykje opp gjennom åra. Foto: Alexey Topolyanskiy, Unsplash.com