– Me skal slutta heilt med fossile drivstoff. Frå motorsaga til cruiseskipet. Alt må vekk!

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I eit intervju med Dagbladet seier Ola Elvestuen at målet er å kutta 90–95 prosent av Noregs klimagassutslepp innan 2050.

Eit slikt kutt betyr at utsleppet skal ned til mellom 2,5 og 5 millionar tonn.

– Stort sett berre husdyra igjen

Klima- og miljøministeren seier at målet skal bli nådd utan bruk av kvotekjøp. Målet er i tråd med det FNs klimapanel seier må skje globalt for å avgrensa oppvarminga til 1,5 grader.

– Folk må ta inn over seg at me skal slutta heilt med fossile drivstoff. Frå motorsaga til cruiseskipet. Alt må vekk. Ikkje til 2030, men til 2050. Verda skal til netto null utslepp, og då må me òg ned med 90–95 prosent. Då er det stort sett berre husdyra igjen, seier Elvestuen til Dagbladet.

Han understrekar at dette òg inneber at utsleppa frå produksjon og olje og gass må bli så godt som borte.

LES OGSÅ: – Har fått tilbake trua på at verda kan reddast

– Oppsiktsvekkande

Klimaforskar Erlend Hermansen i Cicero seier at dette er det mest konkrete og ambisiøse han har høyrt nokon gong frå ein norsk klimaminister om nasjonale utsleppskutt.

– Det er oppsiktsvekkande, og eit tydeleg brot med den dominante tenkinga til no i norsk klimapolitikk, seier han.

Klimaforskaren forklarar at Noreg heilt sidan 90-talet har lent seg på kvotekjøp i klimapolitikken. På den måten har Noreg innfridd internasjonale klimaforpliktingar, sjølv om utsleppa er høgare i dag enn i 1990.

Interessert i klima? Sjå dei siste artiklane me skriv om lokale klimaløysingar her!