SSB: Éin av tre fullfører ikkje studia

Éin av tre studentar fullfører ikkje studia på åtte år. Norsk Studentorganisasjon (NSO) meiner at studiestøtta må aukast, dersom fleire skal fullføre.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av studentane som starta på universitets- og høgskuleutdanning i 2010, hadde 66 prosent fullførte ei grad i løpet av åtte år.

Fire av ti studentar hadde fullført ei grad på lågare nivå, medan éin av fire hadde fullført ei utdanning på høgare nivå eller doktorgrad, viser nye tal frå SSB.

Det er samtidig forskjellar i fullføringsgrad mellom kjønna. 61 prosent av mennene fullførte grada dei starta på, mot 70 prosent av kvinnene.

Les også: Berre halvparten av bachelorstudentane fullfører på normert tid

Påtroppande leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Marte Øien. Pressefoto: NSO

Uroar studentleiaren

– Tala er bekymringsverdige, seier Marte Øien, påtroppande leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO).

Ho meiner at bakgrunnen for at så få fullfører høgare utdanning, er at norske studentar må jobbe så mykje ved sida av studia, at det går utover dei faglege prestasjonane deira.

Øien viser til at studentar i snitt jobbar 12 timar veka. Samtidig seier sju av ti studentar at dei ikkje hadde hatt råd til å studere utan jobb ved sida av, uavhengig om dei har sommarjobb eller ikkje.

– Skal fleire studentar fullføre, må studiestøtta aukast til 1.5 G, slik at vi får tid til å studere, seier Øien.

Tala viser at det har vore ein særleg auke i fullførte utdanningar på høgare nivå innan åtte år etter oppstart, samanlikna med studerte som starta på høgare utdanning femten år tidlegare.

Blant studentane som starta på universitets- og høgskuleutdanning i 1996, fullførte 47 prosent av studentane på lågare nivå innan åtte år, medan 13 prosent fullførte på høgare nivå eller doktorgrad.

Les også: Utdanningsinstitusjonane lyt ta ansvar – studentane krev norsk fagspråk

Eigil Hole Lønning er fag- og forskingspolitisk ansvarleg i Norsk Studentorganisasjon.
Foto: NSO / Skjalg Bøhmer Vold