LOs sommarpatrulje er i gang: – Aller mest ser vi brot på arbeidskontrakt

Forvirring rundt verneombod, manglar i arbeidskontrakt og kameraovervaking på jobb er blant det LOs sommarpatrulje vil ha slutt på.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I løpet av sommaren skal 600 LO-frivillige møte unge sommarvikarar på arbeidsplassar i heile landet for å høyre om situasjonen deira og  informere dei om kva for pliktar og rettar dei har.

I år fokuserer sommarpatruljen særleg på bemanningsbransjen og serveringsbransjen.

Manglar i arbeidskontrakt

Den vanlegaste utfordringa for unge i arbeidslivet er mangelfull eller ikkje-eksisterande arbeidskontrakt, ifølgje LO.

– Aller mest ser vi brot på arbeidskontrakt. Då enten at ein ikkje har kontrakt, eller at ein har mangelfull kontrakt. Finn vi det, ordnar vi som regel kontrakt saman med arbeidsgivar på staden, seier LOS ungdomsrådsgivar Bjarne Lagesen, som leier sommarpatruljen, til NTB.

I fjor var det problem med arbeidskontrakten til 8,6 prosent av arbeidstakarane sommarpatruljen møtte.

Typiske manglar i kontrakten er manglande informasjon om arbeidstider, mengde timar ein kan forvente å jobbe og stillingsprosent.

I tillegg hender det at det er manglande informasjon om kva for arbeidsoppgåver arbeidstakar skal ha.

Skadeutsette ungdommar

Sommarpatruljen fokuserer i år særleg på å kartleggje i kva grad dei tilsette har vorte tilstrekkeleg informerte om verneombodsordninga på arbeidsplassen sin.

– Det er fordi vi ser at ungdom er overrepresentert i skadestatistikk. Derfor er det viktig å skape eit medvit om kva eit verneombod er, og det er viktig å vite kven det er, forklarer Lagesen.

Rundt 30 prosent av dei LO møter, oppgir at dei er usikre på kven som er verneombod på jobben.

LO definerer ikkje nødvendigvis dette som brot på arbeidsmiljølova, då arbeidstakar er plikta til å tileigne seg informasjon om dette, samtidig som at arbeidsgivar er pliktig å informere.

Fleire brot på arbeidsreglementet i fjor

Tradisjonelt er brot på arbeidstidsreglane ein gjengangar, og i 2018 var det ein oppgang på nesten 4 prosent for slike tilfelle.

Etter at det i 2017 vart registrert i 11,9 prosent av bedriftene sommarpatruljen besøkte, var talet i 2018 14,9 prosent. Av dette utgjorde brot på overtidsreglane 6,3 prosent, arbeidstidsreglementet 4,7 prosent og pausereglementet 3,9 prosent.

– Det er dei lange linjene som gjeld, men i fjor såg vi med bekymring på utviklinga. Vi håper det ikkje er del av ein trend, men heller eit eittårstilfelle, seier Lagesen, som legg til at ein samtidig såg ein nedgang på 1 prosent i brot på reglar om opplæring.

Fornøgd Gabrielsen

– Hovudbildet er at det er eit godt arbeidsliv, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen, som påstår at ein likevel ikkje kan bli passive:

– Det vi ønsker å sikre, er at arbeidslivet i framtida òg skal vere bra, og vi tar tak i dei negative delane – som trass alt finst – slik at ungdom ikkje opplever eit negativt møte med arbeidslivet.