«Same kor grei eg trur eg er, finst det ikkje noko fin fyr-stempel som eg kan få i panna»

Anders Totland, forfattar
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ein ung mann skulle ønska verda var ein litt lettare stad å leva. At det ikkje var så skummelt å ta kontakt med andre menneske, og at me berre kunne hatt litt lågare skuldrer. La oss kalla han Markus.

Markus og eg er ganske einige. Det hadde vore fint om folk ikkje hadde blitt superstressa av å bli kontakta av framande som berre vil slå av ein prat, eller kanskje håper på å innleia ein slags relasjon, utan å kvelva nedpå ei handfull halvliterar først. Det er faktisk ikkje noko vanskeleg å vera einig i det.

Markus skriv ein tekst om korleis dette påverkar livet hans. Ein ganske fin tekst òg, synest eg. Men som tekstar flest, finst det noko der å henga seg opp i, for dei som ønskjer det.

For kva er liksom feil med å berre la kvarandre vera i fred? Og forstår ikkje Markus at det slettes ikkje er like greitt for alle å bli oppsøkt på den måten?

Det er verkeleg mørkt, det som kjem fram

I løpet av få timar renn internett over av historier om kvinner som har hatt ubehagelege og vonde opplevingar med menn som berre ville slå av ein prat, men som eigentleg har oppført seg både ufint og truande. Emneknaggen #villebarepratelitt tar av, og alle som ønskjer det kan raskt og effektivt få eit lite gløtt inn i det mørke rommet som særleg unge kvinner stadig vekk blir pressa inn i.

Og det er verkeleg mørkt, det som kjem fram. Ikkje spesielt overraskande, men like fullt nedslåande. Som ein relativt stor mann, er det heilt umogleg å setja seg inn i mange av situasjonane eg les om – rett og slett fordi eg aldri har vore i nærleiken av å oppleva noko liknande.

«I used to work as a torpedo»

Det nærmaste eg kjem farlege situasjonar på byen, er når mi indre stemme ber meg om å provosera menn som er mykje større enn meg sjølv. Som den gongen eg dansa med ei dame, og det kom bort ein mann som ville sjekka henne opp. «I used to work as a torpedo», sa han, og tenkte sikkert at eg skulle stikka av. «I used to play the church organ», sa eg og dansa vidare.

Poenget er at eg aldri nokon gong har opplevd det truande at folk tar kontakt

Akkurat det har fint lite med #villebarepratelitt-historiene å gjera, men poenget er at eg aldri nokon gong har opplevd det truande at folk tar kontakt, anten det der dag eller kveld eller natt. Om eg berre er avvisande nok, forsvinn folk. Dei blir ikkje sittande inntil meg på ein nesten tom buss, går ikkje masande etter meg på gata og pitlar ikkje fram kjønnsorgana sine for mi skuld.

Eg får faktisk vera i fred, om eg ønskjer det – nett som Markus.

Å kryssa vegen for ei kvinne

Men det tok ganske mange år før eg forstod at det ikkje er sånn for alle. Eg var langt oppi tenåra før eg forstod at det faktisk er eit poeng å følgja gode venninner heim, sjølv om du ikkje skal bli med inn. Og eg var nesten 30 år før eg forstod at eg bør kryssa over vegen, viss eg tilfeldigvis blir gåande bak ei einsleg kvinne på vegen seint om kvelden.

Det handlar ikkje om kor vidt ein kan snakka med framande (det kan ein sjølvsagt, så lenge ein tar signala viss den andre ikkje er interesserte), og i alle fall ikkje om at alle menn er skumle og ekle.

Dei kan heller ikkje vita om eg er ein sånn som blir sint av eit avslag

Potensielle drittsekkar

For så lenge mange nok oppfører seg som drittsekkar, og gong på gong set kvinner i både ubehagelege og farlege situasjonar, er det flett umogleg for kvinnene å vita om eg er ein fin fyr, eller om eg kjem til å fotfølgja dei gjennom gatene. Dei kan heller ikkje vita om eg er ein sånn som blir sint av eit avslag, eller kanskje til og med valdeleg.

Dei har opplevd det før, eller så kjenner dei nokon som har opplevd det. Og same kor grei eg trur eg er, finst det ikkje noko fin fyr-stempel som eg kan få i panna.

Ikkje Markus heller. Og ingen andre.

I slike situasjonar er me alle potensielle drittsekkar, og det beste me kan gjera er å visa at me verken er det sjølv, eller godtar at andre oppfører seg slik.

Lykke til!

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no

Les også om Tarana Burke: Kvinna bak #MeToo-rørsla:

Tarana Burke er kjent som den eigentlege grunnleggaren av Me Too-rørsla. Ho er leiar for Just Be Inc. Foto: Just Be Inc.