Førde skal arrangere Pride

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I februar blei det gjort kjent at Pride skal arrangerast i fylket, men først no er det bestemt at det skal skje i Førde, frå 14. til 16. juni, skriv Firda.

Initiativtakar Sandra Edit Tenrud fortel til avisa at arrangørane endeleg har blitt einige om arrangørstad. Valet stod mellom Førde, Sandane og Sogndal.

Les også: «Bygdehomo» vender heim til Bygdepride

Festival med lokalt preg

– Organisasjonen Skeiv ungdom og fleire i målgruppa vil gjerne ha det i Førde, fordi det er lettare å møtast der, seier ho.

Tenrud er likestilling- og inkluderingsansvarleg i AUF Vestland. Det var dette ungdomspartiet og fagrørsla som først tok initiativet til å få Pride til Sogn og Fjordane. Skeiv ungdom, Røde Kors og ungdomspartia til Høgre, Venstre, SV og Sp er også med på laget.

Likevel treng dei fleire folk med til det dei håpar skal bli ein festival med eit lokalt preg. Til dømes treng dei folk som ynskjer å bidra med kulturelle innslag, mat og så vidare.

I Noregs minst likestilte landsdel melder eit urovekkjande høgt tal bifile, lesbiske, homofile og transpersonar om psykiske helseplager. Korleis er det eigentleg å vere skeiv på Sørlandet?

– Det handlar om å skape haldningar

Kommunestyret i Gloppen vedtok i slutten av februar å ynskje Pride velkommen til Sandane.

– Det veg tungt at ein heil kommune inviterer til Pride og det sender ein viktig bodskap. Vi vil gjerne prøve å samkøyre festivalen med Gloppen, seier Sandra Edit Tenrud.

Invitasjonen frå kommunestyret fekk 24 røyster. Tre representantar frå KrF meinte at saka ikkje var noko kommunestyret skulle ta stilling til. Men varaordførar i Gloppen, Magni Aa Berge (Sp), meiner saka i høgste grad er politisk.

– Det går på at folk tør å ytre seg og føle seg trygge i samfunnet sitt. Det handlar om å skape haldningar om korleis ein skal vere mot kvarandre, seier ho til avisa.

Les også om då Gloppen kommune heisa regnbogeflagget: – Det verda treng er meir kjærleik:

I lag med diktet «kjærleik» av Jon Fosse, la ordføraren av Gloppen kommune ut blant anna desse bildene frå landsbylaurdagen på Sandane. Tema var kjærleik, og ordføraren hadde heisa regnbogeflagget på heradshuset for høve. Foto: Leidulf Gloppestad, Facebook