Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Science fiction-musikalen Just Imagine frå 1930 fortel historia om ein mann som vaknar opp frå koma etter 50 år. I New York på 1980-talet – der folk ikkje lenger har namn, men nummer – blir han tatt med på kafé. Hans nye vener bestiller muslingsuppe, roastbiff, asparges, pai og kaffi – det heile komprimert i ei enkelt pille.

88 år seinare er me framleis ikkje heilt på pille-stadiet, men nyleg har ei rekke selskap, blant dei Soylent, Huel og Jimmy Joy, utvikla kvar sine måltidspulver. Med berre eit par «scoop’s» får ein i seg alt kroppen treng frå eit måltid, ifølgje selskapa bak.

Amerikanske Soylent og andre produsentar har alt gjort stor suksess i USA, og kanskje først og fremst i Silicon Valley. Britiske Huel kan rapportere om tredobling i omsetning frå året før.

Skal alle nå ete pulver til frokost, middag og kvelds? Vil dei konvensjonell mat til livs? Kva er eigentleg målet her, utover å bevise at det er mogeleg?

Les også: – Heilt naturleg å ete insektprodukt.

Vil spare miljøet og folkehelsa

At ein sparer tid er truleg den mest innlysande årsaka til at slike produkt opplever stor suksess. Mange av selskapa viser også til «zero waste»-tankegang som ein av motivasjonane bak: Ein pose med pulver vil aldri bidra til matsvinn, sjølv om pulver openbert ikkje kan bli distribuert emballasjefritt.

Huel påpeiker i tillegg den høge delen (64 prosent) som er overvektige eller lid av fedme i Storbritannia, og kor utbreidd snøggmat med svært avgrensa næringsverdi har blitt.

Med måltidspulver frå Huel og andre treng ein berre blande saman pulver og vatn, for så å riste det saman til eit fiks ferdig måltid. Foto: Pressefoto.

Både Soylent, Huel og Jimmy Joy oppgir dessutan at dei vil etterlate eit minst mogleg avtrykk på miljøet og har sørga for at alle ingrediensane er veganske, altså laga utan animalske produkt.

Alle er nøye på å understreke at ernæringsekspertar går gode for oppskriftene deira, og at alt frå essensielle fettsyrer til naudsynte vitamin og mineral er på plass. I teorien skal ein altså kunne leve utelukkande på måltidspulver.

Les også: Å kutta kjøt og melk er det viktigaste du kan gjere for å redusere avtrykket ditt på jorda, viser ny forsking.

Utvikla av travle utviklarar

Det første pulveret av denne typen blei utvikla av utviklarar som var frustrerte over all tida som gjekk med til å lage mat. Ofte enda dei opp med å bestille billeg og næringsfattig snøggmat for å spare tid.

Då blei det naturleg å lage eit produkt som gjekk kjapt å lage, og som var sunt.

Måltidspulver flest baserer seg i hovudsak på soyaprotein. Årsaka er at soya inneheld alle dei ni essensielle aminosyrene som kroppen treng for å fungere. I ein drikk får ein normalt i seg rundt 20 gram protein.

Dei færraste kjem nok til å bytte alle måltida sine med pulver. Men for å få i seg nok næring når ein er travel på jobb eller skule, kan det vere vel verd å gi måltidspulver eit forsøk.

Les også: Dei vil utkonkurrera kjøtindustrien innan få år.