Utanriksminister Mike Pompeo legg ned forbod mot at amerikanske ambassadar heiser det internasjonale flagget for homofile, lesbiske, bifile og tranpersonar.
NPK-NTB-AP
NPK-NTB-AP

– Haldninga til ministeren når det gjeld flaggstonga, er at berre det amerikanske flagget skal vaie der, seier talsperson for USAs UD Morgan Ortagus.

Det amerikanske utanriksdepartementet har fått kritikk for avgjerda. Pompeo har ved tidlegare høve uttalt at han definerer ekteskap som forhold mellom mann og kvinne, men at han òg respekterer tilsette, uansett seksuell legning.

Cis, panfil eller queer? I den store regnbogeordlista får du orda du må kjenne til.

Administrasjonen til den førre presidenten, Barack Obama, tillét flagging med regnbogeflagget på hovudflaggstonga til ambassadane og flagga òg med regnbogeflagg på Det kvite hus i 2015 då høgsterett i USA legaliserte likekjønna ekteskap.

Ortagus seier at ambassadar og konsulat står fritt til å flagge med regnbogeflagg andre stader på eigedommane sine i juni, den såkalla Pride-månaden då det er ei rekke arrangement til støtte for rørsla der flagget har vorte eitt av dei sterkaste symbola dei seinare åra.

No skal Sogn og Fjordane få sitt første Pride arrangement. Her er frå paraden under Bygdepride i Ørsta/Volda. Foto: Ørsta/Volda Pride

 

Kommentarar

ANNONSE