Canada forbyr å fange og avle kvalar og delfinar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Canada er no eitt av elleve leiande land som har tatt eit progressivt standpunkt mot å ale opp og halde kvalar, delfinar og niser fanga for moro skuld, seier Nina Devries, ein talsperson for World Animal Protection Canada.

Les også: Instagram vil ha slutt på selfie med dyr i fangenskap

– Siste generasjonen som skal lide

Lovforslaget som kom allerie i 2015 har fått namnet «Free Willy» etter storfilmen frå 1993. No manglar det manglar berre ei symbolsk, kongeleg godkjenning før det er gyldig.

Dyrevernsrørsla i landet er svært fornøgd med vedtaket.

– Dette er ei så viktig sak fordi ho forbyr oppdrett, noko som sikrar at kvalar og delfinar som per i dag blir haldne i små tankar i Canada, blir den siste generasjonen som skal lide, seier kampanjesjef Melissa Matlow i World Animal Protection Canada i ei fråsegn.

Også det grøne partiet i Canada jubla over vedtaket.

 Les også: Fann 6 kg plast i magen på død spermkval

Ikkje tilbakeverkande kraft

Brot på lova kan straffast med bøter på inntil 150.000 amerikanske dollar, om lag 1,3 millionar norske kroner.

Lova får likevel ikkje tilbakeverkande kraft, som betyr at alt marint liv som per i dag lever i fangenskap, framleis kan leve vidare i akvarium og zoologiske parkar.

Det blir òg gjort unntak for marine pattedyr som treng rehabilitering etter skade eller i spesielle tilfelle der styresmaktene gir løyve.

Dei seinare åra har fleire reiseoperatørar tatt standpunkt mot vassparkar som held kvalar og delfinar. I fjor kunngjorde den britiske operatøren Thomas Cook at dei frå neste sommer ville slutte å selje utflukter til destinasjonar som har spekkhoggarar i fangenskap.

Les også om korleis klimaendringar får kvalross til å stupa i døden. OBS: Sterke bilete:

Grafiske bilete viser kvalrossar som stupar i døden fordi issmelting og plassmangel tvingar dei opp i høgda. Skjermdump: Netflix