Klimaendringar får kvalross til å stupa i døden

Klippet av ein kvalross som stuper frå ein 80 meter høg klippe har gått verda rundt dei siste dagane med åtvaring om sterke scener.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.04.2019 20:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Netflix-dokumentaren Our planet tek Sir David Attenborough atter ein gong føre seg vår fantastiske verd. I episode to av den åtte episodar lange sesongen har filmteamet fokusert på korleis klimaendringane påverkar det arktiske dyrelivet.

Dei dramatiske klippa er omtalt i mellom anna The Atlantic, Daily Mail og SVT.

Kvalrossen trekker opp

Episoden «Tilfrosne verder» viser korleis klimaendringar trugar kvalrossen. Fordi isen smeltar får kvalrossen mindre plass å kvile seg på og må trekkje stadig tettare saman opp på land.

Dei siste ti åra har det samla seg titusenvis av kvalrossar på ei strand langs den nordaustlege delen av Russland. Her samlar dei seg for å kvile nær matfatet, men fordi det er så trangt om plassen trekk nokre kvalrossar opp i høgda for å sleppe unna trengselen.

– Dei slit seg opp den 80 meter høge klippa. Ei utruleg utfordring for eit eitt tonns dyr, van med havis, forklarar Attenborough.

Her kan du sjå eit klipp frå Netflix-dokumentaren:

via Gfycat

Fleire klipp viser korleis kvalrossane stupar i døden. Attenborough forklarar at dyra har særs dårleg syn på land og at det difor går galt når dei freistar å kome seg ned att til matfatet sitt.

– Hundrevis fell frå høgder dei aldri skulle ha bestige, slår Attenborough fast.

Forskarar har registrert slike storsamlingar av kvalross òg langs kysten av Alaska, sidan 2007.

Kan vere isfritt i 2040

Oppvarminga av Arktis går dobbelt så fort som resten av verda. I sommarmånadane no til dags er det 40 prosent mindre isdekke over Arktis enn det var i 1980.

Kvalrossbestanden har teke seg opp att etter 1960-åra, men er ifølgje WWF på veg ned igjen. I fjor sommar rekna ein med at det var kring 129 000 individ.

– Nokre framskrivingar antydar at Arktis kan vere isfri på sommartid så tidleg som 2040. Det betyr at isavhengige artar som kvalrossen og isbjørnar kjem til å tilbringa meir tid på land, noko som kan minska tilgongen til jaktområda deira og auka konflikten mellom menneske og dyreliv, forklarar Nikhil Advani i WWF på nettsidene deira.

Les intervju med Aurora (20): – Arktis er verdas beste klasserom!

Ombord på skipet The Ocean Endeavour både lærte og opplevde Aurora Eide (20) mykje nytt. Foto: Privat