På friarføter i fjellheimen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I høgsesongen opplever me frieri nesten dagleg, fortel Trolltunga-guide Jostein Soldal i Trolltunga Active.

I Hardanger har det blitt ein stadig større pågang av folk som vil fri på Trolltunga.

Dei romantiske turgåarane kjem frå heile verda. Ikkje minst er det mange amerikanske friarar som har blinka seg ut Trolltunga.

Bileta av den spektakulære fjellformasjonen har også vekt romantiske draumar og reiselyst hos folk i andre delar av verda. Nyleg var Soldal vitne til at eit par kom heilt frå Madagaskar for å seia ja til kvarandre på den ikoniske fjelltunga.

– Det er også mange nygifte som har med seg bryllaupskjolen og brudekleda for å ta brudebilete på toppen, fortel Soldal.

NED PÅ KNE: Frå alle kantar av verda kjem det no friarar som går ned på kne på Trolltunga i Hardanger.
Foto: Trolltunga Active

Frå frieri til bryllaup

Ordføraren i Odda, Roald Aga Haug (A), håpar den romantiske trenden på Trolltunga kan lokka fleire gifteklare turistar til Hardanger.

– Rundt om i verda finst det mange ikoniske plassar folk reiser til for å gifta seg. Trolltunga burde kunna bli minst like populær. Ein kan til dømes tenkja seg at folk går til Trolltunga for å fri eitt år og kjem tilbake eit anna år for å gifta seg. Eller dei kan fri på Trolltunga og gifta seg på Folgefonna, foreslår han.

Allereie før vigselretten for borgarlege vigsler blei overført til kommunane frå 1. januar i fjor, sa han seg villig til å via folk både her og der. Så langt har det ikkje vore nokre vigsler på Trolltunga, men to par har no spurt om å bli vigde på den populære fjellattraksjonen.

– Det er eg positiv til. Me må berre få organisert det slik at det passar, seier Aga Haug.

HØGDEROMANTIKK: I høgsesongen går det nesten ikkje ein dag utan at det er nokon som frir på Trolltunga.
Foto: Trolltunga Active

Ikkje for kven som helst

Han ser for seg at kommunen og brudepara blir samde om ein felles dato som andre kan hengja seg på. Å gifta seg på Trolltunga er likevel ikkje for kven som helst. Turen på 27 kilometer tek 10–12 timar. Både brudeparet og brudefølgjet bør difor vera i god form.

Den store og veksande turiststraumen til Trolltunga er ei anna utfordring. På få år har talet på besøkjande auka frå 800 registrerte personar i 2010 til heile 88.000 i fjor.

– Med tanke på turisttrafikken er det difor viktig å varsla og koordinera med reiselivet på førehand, understrekar ordføraren.

Han håpar likevel det er mogleg å få til vigsler på Trolltunga allereie i sommar, og trur det kan bli ein hyggjeleg dag både for dei som skal gifta seg, og for andre turgåarar.

Ved å tilby vigsel på det populære fjellikonet håpar Odda-ordføraren tilreisande får auga opp for meir av det regionen har å tilby og at brudefølgjet også kan tenkja seg å leggja bryllaupsfesten til Hardanger.

TRULOVA PÅ TOPPEN: Frå alle kantar av verda kjem det no forelska par for å fri og trulova seg på norske fjelltoppar. Her frå Kjerag i Ryfylke.
Foto: Johannes C. Apon / Outdoorlife Norway

Høgderomantikk i Ryfylke

Trolltunga er ikkje åleine om å lokka til seg romantiske turgåarar. Også på Preikestolen og Kjerag i Rogaland, merkar dei same trenden.

– For kvart år er det litt fleire som ønskjer å fri både på Kjeragbolten og Preikestolen. Det er sikkert fordi folk har sett det på Instagram og andre sosiale medium. Kvar gong me publiserer bilete av nokon som frir, får det mykje merksemd, seier guide Johannes C. Apon som gjennom selskapet Outdoorlife Norway tilbyr guida turar i området.

Han har ikkje tal på kor mange som har fridd på turane hans, men på dei fem åra selskapet har vore i drift, reknar han med at det har vore rundt ti frieri på sjølve Kjeragbolten.

På Preikestolen er det mange fleire, meiner Apon. Han fortel at det er spesielt populært å fri på det kjende platået på soloppgangsturar.

– Då er det ekstra romantisk. Det er slike stunder me lever for, seier han. For den naturglade guiden er desse opplevingane med på å krydra kvardagen.

STADIG MEIR POPULÆR: 285.000 personar besøkte i sommar Preikestolen. Det er ny rekord.
(Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK)

Vinterbryllaup på Preikestolen

Ordførar i Forsand kommune, Bjarte S. Dagestad, har på si side allereie gjennomført den første vigsla si på Preikestolen. Utstyrt med både ordførarkjede og piggsko vigde han i januar eit par på det ikoniske fjellplatået som no er opna for heilårsturisme.

– Så lenge førespurnadene held seg innanfor eit overkommeleg tal, prøver eg å finna tid og rom til slike oppgåver, seier Dagestad, som synest det er ei fin og kjekk teneste å kunna tilby.

På same måten som Odda har Forsand kommune diskutert å tilby ein felles dato for vigsler på Preikestolen og andre stader langt unna kommunehuset, men førebels har pågangen vore så liten at dette ikkje har vore aktuelt.

Kommunen har heller ingen planar om å marknadsføra dei ikoniske plassane i Ryfylke som stader folk kan koma til for å gifta seg. Dagestad trur både lokale innbyggjarar og utanlandske turistar veit godt om desse spesielle plassane frå før, og meiner det skjer ein del frieri både på Preikestolen og Kjerag utan at folk høyrer om det.

– Men det er absolutt ein god ide å informera om at det faktisk går an å bli vigd på desse plassane, seier han.

Sjølv stiller han gjerne opp og vier folk overalt – bortsett frå viss han må stå på sjølve Kjeragbolten. Å stå tre personar på den høgthengjande steinen, vegrar han seg for.

– Men eg kan ropa litt høgt, så kan brudeparet stå på sjølve steinen, så det skal nok gå det også.

VINTERFRIERI: Det er ikkje berre basehopparar som finn vegen til Kjerag i Lysefjorden. Det blir også stadig vanlegare å fri både på Kjerag og på sjølve Kjeragbolten (i midten på biletet). Her frå eit frieri i mars i fjor.
Foto: Johannes C. Apon /Outdoorlife Norway