Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 24.03.2022 15:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Maria (21) og Gard (21) trulova seg som 16-åringar

Maria og Gard Angell Olsen møttest på konfirmasjonsleir i 2010, då dei begge gjekk i niende klasse. I slutten av tiende klasse vart dei kjærastar og paret har vore i lag sidan.

— Vi fann tidleg ut at vi passa i lag. At vi var eit ordentleg par. Begge hadde kvalitetar som den andre likte, fortel Gard.

Maria er einig.

Gard og Maria

— For oss var det eit symbol på kjærleik, og eit løfte om å vere i lag resten av livet. Dei som møter oss seier at vi passar godt i lag, og at vi er som eit gamalt ektepar allereie, seier Gard. Foto: Privat

— Vi var så forelska. Dessutan hadde vi kjent kvarandre lenge før vi trulova oss, så vi visste kva vi gjekk til, seier ho om at Gard fridde i 2012 – då dei begge var 16.

— Tradisjon i familien

Både Maria og Gard er tilflyttarar til Ørnes i Meløy kommune, Nord-Norge. Han frå Fredrikstad og ho frå Tysfjord i Nordland. Paret fortel at det å trulove seg ungt ikkje er alt for vanleg i Meløy, men at dei har fleire vennepar som trulova seg i ung alder.

Det same gjorde foreldra og besteforeldra til Gard.

— I min familie har det vore ein tradisjon å gjere slikt tidleg. Mor mi var 18 og far min 28 då dei gifta seg, så eg har ikkje gjort noko uvanleg sånn sett, seier han.

Turte å spørje

I 2013 stod dei to sekstenåringane fram i lokalavisa og fortalde om trulovinga.

— For oss var det eit symbol på kjærleik, og eit løfte om å vere i lag resten av livet. Dei som møter oss seier at vi passar godt i lag, og at vi er som eit gamalt ektepar allereie.

Dagen Gard fridde etter ein underhaldningskveld med restaurantbesøk. Då dei kom heim, spurde han rett ut om Maria ville gifte seg med ham.

— Vi var djupt forelska, og om han hadde fridd i dag i staden for den gongen, hadde eg framleis sagt ja.

— I dag hadde eg nok gjort eit litt meir klassisk frieri. Første året på vidaregåande har ein ikkje råd til det store frieriet, ler han.

Saka held fram under bilete

Gard og Maria stod fram i lokalavisa Avisa Nordland i 2013. Foto: Skjermdump

Negativ respons i lokalavisa

Sjølv om paret fekk positiv respons frå venner og familie, fekk dei mange stygge kommentarar etter å ha blitt intervjua av lokalavisa. Mange meinte at dei var for unge og at dei ikkje visste kva kjærleik var.

— I artikkelen intervjua dei ei helsesyster som sa at det var forskjell på 16-åringar og 20- åringar, som er det som er lovleg alder å gifte seg i. Men vi ser kjærleiken på akkurat same måte i dag som då vi var 16, fortel Maria.

Gard seier at han vil bevise at dei to har heldt saman, trass i kva folk skreiv og sa den gongen.

— Folk er store i kjeften på nett. Det var så mange som sa at vi ikkje ville halde saman, og no kan dei sjå kor feil dei tok.

— Vil ikkje kritisere andre

I samband med dette intervjuet hadde dei to lese artikkelen frå lokalavisa om att.

— Det var ikkje særleg gøy å lese all den negative responsen. Der og då tenkte vi ikkje så mykje over han. Truloving er jo berre ein ring på fingeren, det er jo ikkje eit stort ansvar som det å få barn, for eksempel, meiner Maria.

— Kva hadde de tenkt i dag om de såg to 16-åringar som var trulova?

— Viss eg ser 16-åringar halde hender, tenkjer eg på ung kjærleik. Det er fint. Folk må få gjere det dei vil, og kven er vi til dømme? spør Maria.

— Personleg tenkjer eg at det er bra for dei. Prøv det ut, sjå om det fungerer. Eg har ikkje tenkt til å kritisere andre sine liv. Sjølv hadde vi aldri nokon intensjon om å gifte oss før vi fylte 18. Giftermål er noko heilt anna enn det å trulove seg, seier Gard.

Sparar pengar

No sparar begge til bryllaup, men dei er framleis usikre på når det skal stå. Både Maria og Gard har vore lærlingar til no, og Gard er ikkje ferdig faglært som elektrikar. Maria jobbar som helsefagarbeidar på sjukeheim.

— Vi treng ikkje eit altfor kostbart bryllaup, men det må vere litt gjennomført. Vi må ha råd til å kunne mate familien med noko anna enn knekkebrød og brunost, slår Gard fast.