Har hoppa utfor Trolltunga fire millionar gongar

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På nettstaden Push Trump Off a Cliff Again kan du få den amerikanske presidenten til å hoppe utfor Trolltunga.

Nettstaden er eit spel der du kontrollerer Trump, og får han til å bevege seg att og fram, eller springe og hoppe.

Det er fire scenario på nettstaden. Donald Trump kan hoppe uti ein vulkan, falle ned i eit kumlokk i New York, bli eten av ein dinosaur i jungelen, eller hoppe utfor Trolltunga.

I skrivande stund har folk fått Trump uti fare 4,2 millionar gongar.

Den amerikanske standup-komikaren Rosie O’Donnell har krangla med Donald Trump i eit tiår, sidan då han leidde Miss America-konkurransen. Den gongen kalla Trump henne for ein «verkeleg tapar» og «ei dame utan kontroll».

Ho provoserte mange konservative politikarar då ho delte Push Trump Off a Cliff Again på Twitter, til sin over éin million store følgjarskare.

Kan me håpe på ei utviding, med Trump på Trollpikken?