Den paradoksale veksten i norsk reiselivsnæring

Eva Erikstad
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Den globale trenden i turisme er at turistar søkjer etter autentiske opplevingar: Storslått natur, det urørte, friske og ekte. Noreg treff denne trenden særs godt med vakker, rein, vill og urørt natur, samt verna trebygningar og lokalmat.

Paradokset er at dette som vi marknadsfører for samstundes vert tilgrisa av oss menneske, fordi me ikkje klarer å handtere denne veksten på ein god nok måte.

Eva Erikstad studerer reiselivsleiing på Høgskulen på Vestlandet (Foto: Privat)

Forskrekka turistar

«Misfornøgde turistar kontaktar miljøministeren etter besøk i norske verdsarvfjordar» kan ein lese i Framtida 1. august. Ein britisk turist på ferie i Noreg vart forskrekka over luftforureininga i Geiranger frå cruisebåtane.

Dette dømet er berre eitt av fleire symptom på eit veksande problem i den norske reiselivsnæringa. Me er ei næring i sterk vekst, slår dei siste tala frå Innovasjon Noreg fast. Men klarer me å handtere denne aukande veksten på ein berekraftig måte?

For trongt for turistane

Både i Geiranger og Flåm kjenner me til «people pollution», stadene er blitt så turistifert at det fører til ekstra slitasje på natur og landskap og til at opplevinga for turisten vert svekka fordi det er trongt om plassen.

No søkjer turistane seg vekk frå slike stader på grunn av forureininga. Premissane som før lokka turistane dit, har endra seg til det motsette. Den reine og urørte naturen dei reiste for, har blitt tilgrisa av turistane sjølve.

Turistane kan reise til nye stader, men dette fører berre til at problemet på sikt også forflyttar og forplantar seg.

Fleire må ta ansvar

Cruisenæringa kan stå til ansvar for ein del av denne forureininga, i tillegg har ein nok mange reiselivsaktørar marknadsført seg for godt utan å ha tenkt nok over korleis dei skal handtere veksten på ein berekraftig måte.

Men desse kan ikkje stå til ansvar aleine. Dette er eit kollektivt problem me alle må jobbe for, for det går ikkje berre utover turistane, men oss sjølve som bur her til vanleg.

Me må handle raskt

Dette er berre starten på eit vekstproblem som oppstår på grunn av at me ikkje er godt nok førebudde, og som står i stil med den generelle miljøutfordringa i dag. Både politikarar, lokale og nasjonale aktørar og reiselivsaktørar må samarbeide tett og godt for å løyse problema i framtida, me må tenke langsikteleg.

Det hastar med å få til grøne løysingar både langs fjordar og på vegen, men me må også tenke på korleis me skal handtere for mange reisande på éin stad og vere klar på kven som skal finansiere og organisere dei ulike løysingane som må til.

For dette er ein slitasje på natur og landskap som røyrer ved det fundamentale naturlandskapet som me er så stolt over og som turistane kjem hit for, men som no er i ferd med å bli eit stort paradoks.