Preikestolen lagt til India i ny «Mission: Impossible»-film

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Preikestolen lagt til India i ny «Mission: Impossible»-film

Storfilmen med Tom Cruise i hovudrolla vakte stor merksemd over heile Noreg då sluttscenene blei spelt inn på Preikestolen i Lysefjorden i fjor haust.

Dei fire dramatiske minutta der superstjerna heng frå kanten av den ikoniske turistattraksjonen, blei sett på som ein kjempesiger for norsk turisme. For mange var det nok derfor ein nedtur å sjå at regissør Christopher McQuarrie har plassert Preikestolen i Kashmir i India.

Les også: Simon (24) jobbar innan viltskodingsturismen

– Nesten like ikonisk som Eiffeltårnet

Til Dagbladet , som først omtalte saka, seier reiselivsdirektør Elisabeth Saupstad i region Stavanger i Visit Norway, at publikum raskt vil finne ut kvar scenene eigentleg er spelt inn.

– Preikestolen er nesten like ikonisk som Eiffeltårnet i Paris, så det trur eg ikkje blir noko problem.

Heller ikkje dagleg leiar Hege Kjellevold i Stiftelsen Preikestolen meiner det er noko stort problem at handlinga er lagt til India.

– Dette var vi førebudd på. Det er slik det går føre seg i dei internasjonale storfilmane. Det er usannsynleg at ei slik historie skulle ha skjedd her, seier ho til Dagbladet.

Den amerikanske filmproduksjonen tok imot seks millionar kroner via insentivordninga til Norsk filminstitutt. Ordninga er til for å fremje norsk kultur, historie og natur.

Les også: Roxanne Roxanne: Ny film om viktig banebrytar innan hip-hop