Dei raude vann valet i Danmark

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 11.06.2019 08:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med 100 prosent av stemmene talt opp, er det klart at Mette Frederiksen i Socialdemokratiet kan danne fleirtal med støtte frå Radikale Venstre, Socialistisk Folkeparti (SF) og Enhedslisten.

– Det er ein historisk siger, seier ho og legg til at danske veljarar har valt ei ny retning.

Like før midnatt erkjente sitjande statsminister Lars Løkke Rasmussen (Venstre) valnederlaget, ifølgje TV 2. Torsdag klokka 11 vil han gå til dronning Margrethe for å gi Frederiksen sjansen til å danne regjering.

Tendensen var klar gjennom heile kvelden og forsterka seg mot slutten. Socialdemokratiet, Socialistisk Folkeparti, Enhedslisten og Radikale Venstre får 91 mandat og dermed fleirtal utan det grøne partiet Alternativet.

Blått nederlag

Det ytterleggåande høgrepartiet Stram Kurs fekk mykje merksemd i media i forkant av valet, men hamna under sperregrensa.

Retorikkprofessor ved UiB, Jens E. Kjeldsen, meiner danske politikarar har takla den ekstreme retorikken til partileiar Rasmus Paludan godt.

– Dersom ingen svarar på det så framstår han berre som ein tapar, sa Kjeldsen til Framtida.no tysdag.

Dei to store, Socialdemokratiet og Løkke Rasmussens Venstre, gjorde gode val, men den blå blokka svekte seg kraftig ved at Dansk Folkeparti vart meir enn halvert.

Også regjeringspartnar Liberal Allianse, som førstegongsveljar Jonas Hareide Andreasen stemte på, nærma seg sperregrensa.

Førstegongsveljar Jonas Hareide Andreasen meiner den politiske debatten i Danmark før valet har vore god, med nokre bølgjer. Illustrasjonsfoto: Eva Coploff

Kristian Thulesen Dahl i Dansk Folkeparti erkjenner at partiet ikkje har vore «dyktig nok». Dahl bruker likevel songen «You Will Never Walk Alone», ofte assosiert med favorittlaget Liverpool, når han skisserer vegen vidare.

– Bodskapen er at når du går gjennom stormen, skal du halde hovudet høgt, seier partileiaren, som legg til at han ikkje ønsker å gå av. Dei fire partia som har styrt Danmark dei siste fire åra, blir dermed avløyst av dei raude, anten i form av ei mindretalsregjering frå Socialdemokratiet eller ei koalisjonsregjering med fire parti.

Regjeringsforhandlingar

Tøffe regjeringsforhandlingar ventar no for Frederiksen. Socialdemokratiet og Radikale Venstre har vore i tottane på kvarandre i valkampen. Sistnemnde ønsker ein liberal økonomisk politikk, stikk i strid med løftet frå Frederiksen om høgare skattar og avgifter og meir pengar til offentleg velferd og pensjon.

Løftet om å behalde den strenge asylpolitikken er òg under press sidan alle dei andre partia i raud blokk ønsker ei oppmjuking. Alle dei fire andre partia i raud blokk har òg varsla at dei vil krevje ei raskare grøn omstilling enn det Socialdemokratiet går inn for.

– Det blir vanskeleg. Vi er mange parti som gjerne vil ha innverknad, og det skal vi få alle saman. Eg kan ikkje sjå for meg ei meir manøvreringsdyktig regjering enn ei sosialdemokratisk ei, seier Frederiksen.

Den samla valdeltakinga enda på 84,5 prosent, ned frå 85,8 prosent for fire år sidan. Foto: Tim Kildeborg Jensen / Ritzau scanpix / NTB scanpix