Berre éin av seks danskar kallar seg feministar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Danmark kjem høgt opp på ulike faktorar knytt til likestilling.

Landet kan mellom anna skryta av å vera eitt av berre seks land i verda der kvinner og menn har like rettar i arbeidslivet, ifølgje Verdensbanken.

Likevel skil danskane seg ut som minst feministiske i den vestlege delen av verda, ifølgje ei undersøking gjort for britiske The Guardian.

Svenske feministar

I spørjeundersøkinga YouGov-Cambridge Globalism Project vert over 25.000 personar i 23 ulike land i Europa, Amerika, Afrika og Asia spurde om haldningar til ulike tema som mat, demokrati og immigrasjon.

I undersøkinga som vart gjennomført tidlegare i år vart personane også spurde om sine haldningar til feminisme.

Ikkje overraskande svarte mange svenskar at dei identifiserer seg som feministar. Nesten halvparten av svenske kvinner – 46 prosent – smykkar seg med merkelappen.

Til samanlikning vil berre éi av fire danske kvinner kalla seg feminist, det er færre enn i mindre likestilte land som Italia, Spania og Storbritannia.

Les også om danske Emma Holten, som vart internasjonalt kjent då ho stod fram som hemnporno-offer: – Eg blei feminist av det som hende

– Mange journalistar ringjer og vil ha ei forteljing om meg som eit svakt offer eller som den sterke overlevande. Eg er begge deler, og vil ikkje la meg redusere til berre det eine eller andre, seier Emma Holten, som opplevde å bli fråstole nakenbilete.

Positive til plystring

Danskar skilte seg òg ut med å vere meir positive til plystring etter personar og meir skeptiske til #metoo-rørsla enn i andre land.

Nesten éin tredel av danskane meinte det var akseptabelt å plystre etter personar på gata. Her ligg Danmark på andreplass, bak Nigeria. Bak der igjen kjem Tyskland, Storbritannia, Australia og Sverige. Berre ti prosent av meksikanarane og fem prosent av tyrkarane er einige med danskane i at plystring er akseptabelt.

Faktisk er det slik at fleire danske kvinner set pris på å bli plystra etter enn å bli kalla feminist.

– Me har ein kultur der det du seier ikkje er rasistisk eller sexistisk om du ikkje meiner det slik, seier forklarar Rikke Andreassen til The Guardian.

Ho er professor ved Institutt for Kommunikasjon og humanistisk vitskap ved Roskilde Universitet (RUC).

Les også: Politiet etterforskar skuldingar om overgrep i dansk ungdomsparti

Negative til #metoo

Danmark skil seg òg ut med negative haldningar til #metoo-rørsla. Berre fire prosent av danske menn og 8 prosent av danske kvinner svarer at dei har eit veldig positivt inntrykk av rørsla. I dei 22 resterande landa svarar 19 prosent av menn og 24 prosent av kvinnene ja på det same.

Professor Rikke Andreassen forklarar tala med danske medier si dekning av rørsla.

– Mange har skrive om det verkeleg er tilfelle at kvinner vert trakassert, eller om kvinner er for sensitive. Og dei har fokusert mykje på kva som ville skjedd med ein mann som som hadde blitt utsett for falske anklager, seier Andreassen til The Guardian.

Les også om Tarana Burke: Kvinna bak #MeToo-rørsla

Tarana Burke er kjent som den eigentlege grunnleggaren av Me Too-rørsla. Ho er leiar for Just Be Inc. Foto: Just Be Inc.