Gryttens «smykkelov»-dikt til utlandet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Smykkelov»-dikt til utlandet

Diktet «Til orientering» har fått merksemd i Noreg. No kjem det òg på trykk i den danske avisa Politiken, og det er omsett til engelsk, skriv Vårt Land.

– Asylpolitikk handlar ikkje berre om ressursar, men òg om korleis vi ser kvarandre. Smykkelova har til dømes inga meining i praksis, ho er berre vedtatt for å skremme asylsøkjarar vekk og for å underminere behovet deira for hjelp. Dette er eit bevisst spel for å dytte asylsøkjarar mellom seg og hanke inn veljarar på heimebane. Det er uverdig, og det er sjokkerande, og dette kan ikkje reduserast til debatt om eit enkelt vedtak, seier Grytten.

Folketinget i Danmark vedtok nyleg innstrammingar som mellom anna opnar for at styresmaktene skal kunne ta beslag i formue og verdisaker på over 10.000 kroner frå asylsøkarar for å dekkje utgifter under asylbehandlinga deira.

Forfattaren seier han verken har nemnt Danmark eller danskane i teksten.

– Så det handlar vel om noko større enn ein lovparagraf. Eg har fått med meg at diktet har vorte mykje delt og spreidd og kommentert, seier han.

Første verset i diktet lyder slik:

«vi kjem til å ta klokka di
og pengane dine
vi kjem til å ta gifteringen din
og smykket du har rundt halsen
med mindre du kjem opp med
ei aldeles tåredrypande historie
så vil vi konfiskere
øyredobbane dine og mobilen din
og datamaskina di».