Teknologi – frå tidssparar til tidstjuv?

Halvard Berge, student
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget var først publisert i studentavisa Dusken.no. 

Ifølge Reed Hastings, adm.dir. i Netflix, er det berre eit avgrensa tal timar vi menneske har til rådigheit i døgnet, kalla fritid.

Netflix sitt mål er å fylle desse augneblinka.

Og då er spørsmålet: I kva grad fell Netflix sitt primærmål saman med våre personlege mål?

Eg, som forbrukar, vurderer forholdet til Netflix som ein suksess om eg fekk akkurat det eg ville ha – medan Netflix reknar kvart ekstra minutt eg bruker, som eit mål på auka suksess. Dette set sjølve tida på spel.

Det viktige er ikkje at ein sluttar å bruke digitale tenester, men at ein bruker dei slik ein sjølv vil, noko som ikkje lenger er sjølvsagt. Eg mistenkjer at mine livsmål er på kollisjonskurs med agendaen til tenestene. Er eg ikkje bevisst på dette, er det nok ikkje tenestene som taper.

Hastings fortel: Kva gjorde du i går etter­middag? Det var eit vidt spekter av aktivitetar du kunne ha drive med for å slappe av og lade opp, vere saman med vener – og vi (Netflix) konkurrerer med alt dette.

Tilboda er ikkje lenger avgrensa til kva leverandøren maktar å levere, men til kva du maktar å pløye gjennom. Vidare uttrykker Hastings at Netflix kjempar om kunden si fritid mot hovudkonkurrentane sine – Snapchat, YouTube og søvn. Netflix vinn nemleg som konsept om du endar opp med å sjå seriar utover natta.

Youtube og Apple har begynt å ta problem­atikken på alvor, og arbeider no aktivt med å gje sine brukarar betre kontroll over eigen skjermbruk. I august 2018 lanserte Youtube verktøy for å ivareta brukarane si digitale helse. Her innførte dei mellom anna fråvær av varslar mellom klokka 22 og 08, personleg statistikk over skjermbruk, samt påminningar om anbefalt nedetid om ein overskrider éin time og 15 minutt. Det viser seg at ein nøgd brukar, er ein som alltid nyttar digitale tenester med viten og vilje.

Vi set som regel grenser mellom arbeid og fritid, kontor og heim, søvn og vaken til­stand. Ved at eit aukande tal tenester blir samla i éin telefon eller pc, er det ikkje lenger vanleg å sende melding, søkje etter informasjon eller setje på vekkarklokka utan å ta stilling til irrelevante impulsar; impulsar som reknar din tidsbruk som valuta for suksess. I skrivande stund lyser Facebook ut 92 nye psykologirelaterte stillingar med åtferda til brukarar og persepsjonsforsking som fellesnemnarar i stillingsannonsane. Dette fortel noko om arbeidet som ligg bak tenestene vi kjenner.

På den eine sida resulterer systematisk arbeid som dette i stadig meir raffinerte tenester, men på den andre sida skal det mindre til før tidsbruken overgår brukaren sin intensjon.

Ettersom tida er den mest avgrensa ressursen vi kan eige, er det etter mi meining også den viktigaste ressursen å verne om. Om vi er oss bevisst kven og kva som systematisk kjemper om tida vår, kan det bli lettare å donere ho i riktige mengder til riktige formål.

Med andre ord: la oss bruke tida på medier nøyaktig i den grad som er fruktbar for oss – men aldri meir.

I denne byen har mobilavhengige eige fortau. Her er 15 måtar mobilen har endra samfunnet på!

I den kinesiske byen Chongqing finst dei eit eige fortau for dei som har nasa nede i mobilen. Foto:
Gwydion M Williams, CC BY 2.0-lisens