Kvinnene fekk berre ein tredel av taletida i Game of Thrones

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den svenske forskargruppa Certai har funne at menn får kring 75 prosent av taletida i løpet av dei åtte sesongane i Game of Thrones, skriv britiske BBC.

Er du ein ekte GoT-fan? Test kunnskapane dine i vår store Game of Thrones-quiz!

Lite likestilt bransje

– Me gjer ikkje dette for å få folk til å slutte å sjå, men for å gjere dei merksame på at det er ein urettvis representasjon av verda, seier Lise Hamberg, som er ein av grunnleggjarane av Certai, til BBC.

Certai har latt maskiner skilje mellom kvinne- og mannestemmer, og algoritmane er berre kring 85 prosent sikre.

Men ifølgje tala ser det ut til at Game of Thrones er mindre likestilte enn bransjen generelt. I Hollywood snakkar kvinnene rundt 30 prosent av tida, ifølgje rapporten Inequality in 900 popular films.

Emilia Clarke i rolla som Danerys Targaryen måtte finne seg i mange nakenscener i dei første sesongane, men har vorte stadig meir påkledd. Foto: HBO

Seksualiserte kvinnekroppar

Dette er ikkje første gongen Game of Thrones får kritikk for si framstilling av kvinner. I dei første sesongane var det fleire som reagerte på mykje unødig nakenheit og seksualisert vald mot kvinner.

Professor i filmvitskap, Anne Gjelsvik, er ein av medforfattarane av boka Women of Ice and Fire. Før lanseringa av sjette sesongen i 2016 stilte ho seg kritisk til serien si seksualisering av kvinner.

– Serien har sterke og flotte kvinnekarakterar, men òg dei som lir, blir valdtekne og hamnar i dei klassiske fjernsynsstereotypiane, sa Gjelsvik til NRK.

Gjelsvik løftar fram dronning Cersei Lannister som ei av dei sterke kvinnekarakterane, som har fått ei «bad guy»-rolle.

QUIZ: Kan du nok høgvalyrisk til å sitje på jerntrona?

Drakemora Danerys Targaryen vel handling over ord. Foto: HBO

Dany og Cersei snakkar

Saman med Daenerys Targaryen står Cersei for mykje av dialogen i den mest kjønnsbalanserte episoden gjennom serien. I episoden First of his name, som er den femte episoden i fjerde sesongen, står kvinnene for nesten halvparten av snakkinga.

Denne episoden er unntaket som stadfestar regelen.

Første sesong fekk kvinnene om lag ein fjerdedel av taletida, eit tal som steig til nesten ein tredel i sesong sju. Sjølv om kvinnene viste seg å leva lenger enn mennene og vart stadig meir sentrale mot slutten av serien, så var siste sesongen blant dei verste når det kjem til å la kvinnene snakke.

Trass i at Daenerys Targeryen spelte ei stor og viktig rolle i sesongfinalen stod dei mannlege karakterane for nesten 80 prosent av dialogen.

Taleføre Tyrion

Før siste sesongen gjekk det amerikanske dataanalyseselskapet Looker gjennom korleis replikkane var fordelt mellom kjønn.

Game of Thrones-fans vil nok ikkje bli ovverraska over at den som verkeleg har snakketøyet i orden er Tyrion Lannister. Den kortvokste helten tronar øvst med 1300 replikkar. Det er 32 prosent meir enn den kvinna som snakkar mest: Cersei Lannister. Ho kjem på tredjeplass, etter Jon Snow.

Tyrion Lannister har flest replikkar i løpet av dei sju første sesongane. Foto: HBO

Dei døde talar

Av karakterane med flest replikkar er ni av femten menn.

Ifølgje forskarane hadde Ned Stark, som dør allereie i første sesong, fleire replikkar enn store kvinneroller som Margaery Tyrell og den raude prestinna Melisandre.

Etter å ha sett på dei tretti mest snakkesalige karakterane, fann dei at menn har 29 prosent fleire replikkar enn kvinnene. Dette stemmer godt overeins med tidlegare funn om at menn er tildelt kring 60 prosent av orda i filmmanus.

Looker har òg funne at det er ei tydeleg kjønnsdeling i kva karakterane snakkar om, der menn har eit maskulint språk og oftare snakkar om «men», «man», «King», og «Lord», medan damene nyttar ord som «love», «leave», «please», «husband» og «master».

Sett, men ikkje høyrt

Skjermtida i Game of Thrones er ikkje like ujamt fordelt. Ifølgje ein tidlegare analyse av Looker hadde dei mannlege karakterane 15 prosent meir enn dei kvinnelege.

Stephanie Genz, som underviser i media ved Nottingham Trent University, seier til BBC at synlege kvinnekarakterer og kroppane deira kan lura sjåarane til å tru at dei snakkar meir enn dei gjer.

– Det stadfestar det me veit i samfunnet: At kvinnestemmer er underrepresentert, seier Genz, som meiner at kvinnene tidleg i serien ofte snakkar med kroppane sine.

Les også om Game of Thrones-skodespelar Bella Ramsey, som hyllar Greta Thunberg:

Bella Ramsey (16) kjem til å sakna å snakke alvor til eit rom fullt av vaksne menn. Foto: HBO