Desse kan vere Årets unge kokk
Konkurransen Årets unge kokk blir arrangert i regi av stiftinga Årets kokk Akademiet for aller første gong i 2019. Seks finalistar er nominert til den gjeve tittelen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Konkurransen Årets unge kokk blir arrangert i regi av stiftinga Årets kokk Akademiet for aller første gong i 2019.
Akademiet organiserer mellom anna også deltakinga det norske laget har i Bocuse d’Or Europa. Det er både medlemmene og styret i akademiet som står bak utnemninga av dei seks finalistane.
– Akademiet har valt ut kandidatane etter fagleg tyngde, smak og kreativitet, og eg trur vi har funne nokre kandidatar som kjem til å setje sitt preg på kokkebransjen i mange år framover, seier fagleg leiar i Akademiet, Gunnar Hvarnes.
Dei seks unge talenta som er med i konkurransen er Aleksander Løkkeberg Vartdal, Aaron Espedal, Celine Ekholt, Frida Netland Berge, Liliana Haaland og Runar Helgeland.
Hensikta er å løfte fram unge kokketalent, gi dei kunnskap og konkurranseerfaring.
Les også om arbeidskvardagen til Maja (27). Ho er ambulansearbeidar.