Siste sjanse for unge kvinner som vil ha gratis HPV-vaksine

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt har 200.000 kvinner som er fødde i 1991 eller seinare, fått tilbod om den gratis vaksinen, som består av tre dosar.

Tal frå Nasjonalt vaksinasjonsregister (SYSVAK) viser at over 120.000 har nytta seg av tilbodet og starta vaksinasjonsprogrammet, men berre 83.000 av dei har fullført vaksinasjonen med alle dei tre dosane.

Dermed manglar nærare 40.000 av dei éin eller to dosar.

– No hastar det å få sett den siste dosen. Tilbodet går ut 30. juni, seier overlege Margrethe Greve-Isdahl ved Folkehelseinstituttet.

Les også: Chatboten «Rosa» skal svare på alle spørsmåla du har om brystkreft

– Tre dosar er best

Det skal gå minst éin månad mellom den første og den andre dosen, og deretter skal det gå minst fem månader mellom den andre og den tredje dosen.

Dei som enno ikkje har starta vaksineprogrammet, rekk dermed ikkje å fullføre, men dei kan få tatt dei to første vaksinane. Det er òg mogleg å kontakte lege for å betale for den siste dosen sjølv.

– Dei som har starta, men berre har fått den første vaksinedosen, rår vi til å ta dose nummer to innan fristen går ut. Tre dosar er best, men to er betre enn éin, seier Greve-Isdahl.

Les også: Thea mista mor si i kreft. No tar ho eit skikkeleg krafttak mot kreft

Alle nye skulekull får

Vaksineprogrammet går ut på at kvinner fødd i perioden 1991–1996, får tilbod om vaksinasjon mot HPV-viruset, som mellom anna kan føre til livmorhalskreft. Sidan 2009 har alle jenter i sjuandeklasse fått vaksinen, men dei som gjekk på skulen før dette, har altså ikkje fått han.

– Mange unge kvinner spør om dei må starte vaksinasjonen på nytt dersom det har gått meir enn éin månad mellom den første og andre dosen eller meir enn fem månader mellom den andre og tredje dosen. Svaret er at dei ikkje treng å starte på nytt. Éin månad og fem månader er minimumsintervall, oppklarer Greve-Isdahl.

Les også om då elevar frå Ullern vidaregåande skule testa kvardagen som kreftforskar: – Eg vart overraska over at det var så mykje arbeid med hendene å vere kreftforskar

Tredjeklassingane Julie Sofie Fagerberg, William Hjertaker, Marie Hestenes Helgheim, Ondrej Nentwich, Anine Fahre og Louise Hodne får prøve seg som kreftforskarar på Radiumhospitalet. Alle foto: Åsmund H. Eikenes