Elevar frå Ullern vidaregåande skule testar kvardagen som kreftforskar.

mm

– Ein av dei fyrste dagane såg vi på kreftceller i mikroskopet. Då såg vi at brystkreftcellene var runde, medan føflekkreftcellene var avlange, fortel Ondrej Nentwich.

Vi er i femte etasje på forskingsbygget på Radiumhospitalet. Nentwich og dei fem medelevane hans er alle kledde i kvite frakkar. 18-åringane står klare ved laboratoriebenkane dei har fått låne denne veka. Her skal det forskast.

WilliamHjertakerJulieSofieFabergUllernWeb
William Hjertaker er meir stødig på hendene no enn han var til å begynne med. Labpartnar Julie Sofie Fagerberg ser til at alt er som det skal vere.

– De hugsar kanskje at vi heldt på med å fargelegge kreftcellene? spør Siri Tveito.  

Elevane nikkar, stiller nokre oppklarande spørsmål og går i gong med oppgåva. Målet med eksperimentet er å fargelegge bestemte molekyl på innsida av kreftcellene. Dersom det fungerer, vil elevane kunne sjå at det er viktige skilnader mellom ulike typar kreftceller.

AnineFahrepipettererUllernWeb
Anine Fahre vaskar kreftcellene med ei bufferløysing slik at fargestoffa ikkje festar seg til uspesifikke delar av cellene.

– Veldig gøy
– Den første dagen var dei litt klønete med utstyret, og nokså paranoide for å skitne til seg sjølv eller øydeleggje eksperimenta. No er dei tryggare, stiller gode spørsmål og reflekterer rundt det vi gjer, seier Tveito.

Ho er postdoktor ved avdeling for Tumorbiologi på Radiumhospitalet i Oslo. Saman med kollega Karen-Marie Heintz har ho ansvaret for å leie seks elevar gjennom eit utval teknikkar som er viktige i forskingsarbeidet deira.

– Det er veldig gøy, sjølv om vi må ta att noko av arbeidet vi går glipp av fordi vi ikkje har vanleg undervisning denne veka, forklarar Marie Hestenes Helgheim.

– Men det er verdt det, skyt William Hjertaker inn frå ein av dei andre labbenkane.

MarieHestenesHelgheimUllernWeb
Marie Hestenes Helgheim i djup konsentrasjon. Det gjeld å ikkje skjelve på handa, for då kan eksperimentet gå i vasken.

«Hands on»
Det er berre nokre månader til elevane skal søke opptak til høgare utdanning. Ei drøymer om å bli lege eller immunolog, ei anna ingeniør eller forskar. Elevane synest det er veldig lærerikt å få eit innblikk i korleis forskarane arbeider.

– Eg vart overraska over at det var så mykje arbeid med hendene å vere kreftforskar, seier Hjertaker.

Det er likevel eit stykke mellom oppgåvene elevane har fått, og kvardagen til dei to erfarne forskarane.

– Det eg jobbar med til dagleg, å forstå korleis kreftceller sender ut små mirkoblærer, er alt for samansett for ein introduksjon over fem dagar for vidaregåandeelevar. Vi har i staden laga eit opplegg som viser elevane nokre av dei mest sentrale teknikkane vi nyttar i forskinga, forklarar Tveito.

KarenGelMarieOndrejWilliamSmilarUllernWeb
Karen-Marie Heintz viser fram ein gele med DNA-bitar sortert etter storleik. Kan DNA-analysar skilje mellom to ulike krefttypar? 

Samarbeid i verdsklasse
Eit samarbeid mellom Ullern videregående skole og Oslo Cancer Cluster  gir elevar høve til å lære av forskarane på Radiumhospitalet. 40 realfagselevar frå andre og tredjeklasse studiespesialiserande på Ullern vgs er på utplassering denne hausten.

– Vi vil gjerne at elevane skal få erfare at det dei lærer i undervisninga er dei same teknikkane og teorien som forskarane nyttar i kvardagen. Det er viktig at vi klarar å motivere elevane til å velje realfag, seier realfagslektor Monica Flydal Jenstad.

AlleFramforMaskinUllernWeb
Elevane står samla framfor maskina som skal avsløre om dei har gjort alt rett. Svaret er både ja og nei. – Typisk for forskarkvardagen, kjem det frå rettleiarane.

Realfag for framtida
Ho understrekar at alle dei store samfunnsutfordringane treng personar med realfagleg kompetanse.

– Sjå berre på utfordringane innan klima, biologisk mangfald, kreft, antibiotikaresistens og GMO. Vi må få kloke hovud til å satse på realfag for framtida, seier ho.

Samarbeidet med forskarane i nabobygget er ein viktig del av satsinga.

– Kvaliteten på forskinga som skjer på Radiumhospitalet er heilt i verdsklasse, seier Jenstad, som sjølv har jobba med forsking på Radiumhospitalet i 9 år.

Elevane trekk fram at oppgåvene på laboratoriet inneheld både biologi, kjemi, fysikk og matte.

– Vi understrekar at teknologiutvikling er ein sentral del av moderne kreftforsking, seier Tveito.

IphoneavGelKarenSmilarJulietekFotoUllernWeb
Elevane ved Ullern vgs lærer mykje av veka som kreftforskar, men det er også tid til å sende ein Snap med resultata til klassakameratar.

Kva er kreft?
Tilbake på labben har elevane starta ein samtale om kva eksperimenta dei utfører eigentleg betyr.

– Kreft er ukontrollert celledeling, seier Louise Hodne.

Rettleiarane Tveito og Heintz forklarar at kreftceller både er ulike mellom krefttypar og ulike mellom personar med den same krefttypen.

SiriTveitoLousieHodneUllernWeb
Siri Tveito er tolmodig medan Louise Hodne ser til at pipetta hentar opp 5 mikroliter av fargestoffet dei skal tilsette til kreftcellene.

– For eksempel har om lag halvparten av pasientane som har føflekkreft ein mutasjon i genet BRAF. Dei kan ha nytte av legemiddelet som vi snakka om i går, det som vert kalla Vemurafenib, forklarar Heintz.

Hodne lurer på kor lenge ein må ta medisinen. Heintz forklarar at pasientane får medisinen så lenge den virkar. Nokre gonger utviklar kreftcellene resistens mot legemidla, og det er langt mellom dei nye gjennombrota innan legemiddel for kreft.

– Kanskje får pasienten eit halvt år ekstra, seier Heintz.

– Men då utsett ein jo berre problemet, utbryt Hodne når ho innser realiteten for mange kreftpasientar.

AllepåDNArommetSiriJulieLouiseAnineOndrejMarieWilliamKarenUllernWeb
Karen-Marie Heintz og Siri Tveito forklarar kvifor dagens eksperiment er viktig. – Det handlar om å undersøke om to krefttypar er ulike frå kvarandre, også på innsida av cellene.

LES OGSÅ:

Elevane ved Bjørnholt vgs handterer falske nyheiter på Facebook

Elevar på yrkesfag satsar på grønt skifte

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE