Ein dårleg nordmann


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Tankane melde seg allereie i fjor på 17. mai. Kvelden før hadde Klara lært meg å stryke ei skjorte og pusse sko. Flagga stod på stramt geledd ved utgangsdøra, sprudlevatnet godgjorde seg i kjøleskapet.

Men innan morgonen grydde, hadde dottera vår fått feber. Klara var i sjokk og sorg, for no var det vel ikkje anna å gjera en å bli heime på 17. mai? Men eg var kjapt frampå med mi avgrunnsdjupe godheit: «Nei då, berre dra og mor deg du, eg kan bli heime med Petra.» (Namna er endra av omsyn til privatlivets fred.)

Som vona tykte Klara at dette var ofseleg raust av meg, og ho skulle no gjera det godt igjen på alle moglege måtar.

Lite visste ho at eg jubla inni meg: No slapp eg å tvinge meg inn i dressen, som har krympa så frykteleg dei seinare åra. Eg slapp å rope «hurra, hurra», som visstnok er eit gamalt tyrkisk krigsrop med tydinga «drep, drep». Eg slapp å trekkje rundt på ei barnevogn, sveitt og miserabel i ein horde av manisk muntre menneske.

I staden sat eg heime og las ei god bok, Petra sov og sov, og det einaste nasjonalistiske eg gjorde var å leggje ut link til ei gamal nasjonalhymne på Facebook, Lalla Carlsens «Gud bevare vårt stakkars fedreland».

Eg fekk berre to likes, éin frå Klara og éin frå mor mi.

Dugnadsmånaden

Her om dagen låg eit ark i postkassa: «Velkommen til dugnad i borettslaget!»

Kvar dag står eg og preikar om norske verdiar for flyktningane eg er lærar for, og bruker gjerne den gode gamle dugnaden som døme på noko typisk norsk, ein skikk det er vesentleg å meistre om ein skal bli skikkeleg integrert i det norske samfunnet.

Hykleriet er djupt, for jo meir eg møter utlendingar, di dårlegare liker eg nordmenn, og dugnadsinnkallinga gjorde meg direkte deprimert. Tankane flaug til Bør Børsons kloke ord: «Dette er ingen dugnad, men ein fenad.»

«Dette er ingen dugnad, men ein fenad.»

Då dagen kom, var grannane ute i gata nesten ein time før seansen eigentleg skulle byrja.

Dei stod der og kosta grus, litt til høgre og litt til venstre, nokre plukka biller og daude lauvblad opp frå plenane, og atter andre vaska postkassestativa med grønsåpe. Eg sende morosame snaps til venene mine, ironiserte over denne småborgarlege pertentlegheita, men fekk berre solstrålande svar attende: «Det er da hyggelig med dugnad!» «Kos deg i det gode fellesskapet!» «Blir sikkert noe godt å bite i etterpå!»

Det var ikkje anna å råd enn å finne fram ei bøtte, ein kost, ein spade og ein søppelsekk. Deretter gjekk eg fire rundar i grannelaget, fyrst med bøtta, så med kosten, så med spaden og så med søppelsekken, og eg trur dei fleste fekk inntrykk av at eg dreiv og gjorde eit eller anna. Så tok eg meg ein velfortent godbit, og gjekk utsliten inn att.

Elskar, elskar ikkje

Med alle dei vakre orda om norske verdiar frå regjerande politikarar – når dei då ikkje er opptekne med å hetse, lyge, underslå og sextrakassere – blir det så ein går i seg sjølv: Noko må vera gale med ein ung mann som misliker både dugnad og 17. mai.

Elskar eg ikkje landet mitt? Vel, eg elskar iallfall ikkje «Ja, vi elsker», eg synst vi skulle hatt ein betre nasjonalsong, noko à la den nemnde Lalla Carlsen-visa.

I grunnen liker eg ikkje Bjørnson overhovudet, misliker faktisk minst tri av dei fire store. Arne Garborg var derimot ein svært grei kar, men eg kan styre meg for kona Hulda med alle dei bunadsgreiene.

No har det vore ein del mas i media om Coop-butikkar som sel kinesiske bunadsimitasjonar til 1500 kroner. Personleg synst eg dette er altfor mykje, eg kjem aldri til å punge ut meir enn 2–300 for ein bunad til Petra.

Det finst ein del bunader som ser nokså foxy ut på kvinner, men mange er litt for utstuderte.

Bunad på menn er generelt ikkje mi greie. Ein kan òg bli mint om Bør Børsons vise ord: «Dette er ingen bunad, men ein klønad.»

Derimot liker eg mange samekofter og kvendrakter, ikkje minst på menn.

Så er det ein del mas med flagget, naturlegvis – nåde deg om du viftar med eit anna flagg enn det norske på 17. mai! Men kva er så interessant ved å sjå ein million eksemplar av det same flagget?

Det er langt meir lærerikt å sjå litt forskjellige flagg, og mange land sine flagg er forresten mykje finare enn det norske. Ta Mongolia sitt, til dømes, eller Bhutan eller Angola sitt, eller Grønland sitt for den del.

Svik og soning

Forresten må Noreg sjølv ta sin del av skulda for at eg har vorte slik ein landsforrædar. Eg møtte faktisk opp på sesjon då eg var 18 år, ivrig på å lære meg å skyte og sprengje til Noregs pris og ære, og ikkje minst inspirert av historiene om nakenbading i lag med kvinnelege fyrstegongstenande.

Eg gjorde det brukbart på språk- og intelligenstestane, men lite hjelpte det då leirlækjaren diagnostiserte meg med alvorleg traktbrystkasse, ekstrem plattfot og galopperande nærsyntheit: Den gylne løva ville ikkje vita av meg, og all min ungdoms glødande fedrelandskjærleik gjekk til spille.

Forresten må Noreg sjølv ta sin del av skulda for at eg har vorte slik ein landsforrædar

«Fra vikinger jo alle nordmenn stammer,» syng Lalla Carlsen så vakkert og høgstemt, «men det skal ingen tro som ser oss nå i dag.»

Dette vil eg rette opp i: Som ein ekte viking er eg budd på å ta konsekvensane av dei svikefulle tankane mine. Det er er difor eg no bed vår kjære landsmoder Sylvi Listhaug om å kaste meg ut av kongeriket – helst til eit land utan dugnader.

 

PS: No gjekk det litt i surr for meg, eg trudde i ein augneblink at Listhaug framleis var utkastings- og ekskluderingsminister, noko som syner seg å ikkje stemme. Men når det igjen skal rokerast om på alle ministerpostane, sannsynlegvis seinast i neste veke, kan det jo hende at ho blir det på nytt.

Les fleire meiningsinnlegg her.