Veit du kven som heldt den fyrste 17. mai-talen? Eller korleis det fyrste barnetoget var? Kva med nasjonalsongen - kven skreiv den? Her får du vite alt du treng å vite om denne festdagen.
mm
  1. 17. mai 1814 blei Grunnlova vår underskrive. Derfor blir dagen kalla Grunnlovsdagen og nasjonaldagen vår.
    ILLUSTRASJON: Wikimedia Commons
  2. Forfattaren Henrik Wergeland (1808-1845) var ein av dei fyrste som ville gjera 17. mai til ein festdag. Han heldt den fyrste 17. mai-talen i 1833. Han skreiv også den fyrste nasjonalsongen for barn: «Vi ere en nasjon vi med».
  3. Far til Henrik, Nicolai Wergeland, var blant dei 112 som møtte på Eidsvoll for å laga Grunnlova vår. Han var veldig glad i å diskutera.
  4. Grunnlova er endra fleire gonger sidan 1814. Henrik Wergeland kjempa for å få oppheva jødeparagrafen, som stengde jødar ute frå Noreg. Den blei oppheva i 1851.
  5. Det fyrste barnetoget gikk 17. mai 1870, etter ein idé frå skulestyrar Peter Qvam. Det var eit reint gutetog som talte kring 1 200 barn. No blir ofte dagen kalla «barnas dag».
  6. Kongen og resten av kongefamilien vinkar til barnetoget frå slottsbalkongen på 17. mai. Det har dei gjort i over 100 år.
    FOTO: Wikimedia Commons
  7. Det fyrste skulekorpset som spelte i eit 17. mai tog var Møllergata skolekorps som blei stifta 1. september 1901. Det spelte i sitt første 17. mai-tog i 1902.
  8. Korps er ein av dei største aktivitetane for barn i Noreg. I Noreg er det kring 30.000 som speler i skule- og generasjonskorpsa.
  9. Folk starta å kle seg i bunad på 17. mai for litt over 100 år sidan.
  10. Bunadane var inspirert av folkedraktar som norske bønder brukte på 1800-talet.
  11. Hulda Garborg var viktig for bunaden. Ho tok gjerne på seg panama-hatt og hanskar til bunaden.
  12. Frå 1920-talet vart det spesielt populært å kle barna i bunad då dei dansa i leikarring.
    FOTO: Wikimedia
  13. I over 140 år har skulebarn sunge nasjonalsongen «Ja, vi elsker dette landet». Teksten vart skriven av Bjørnstjerne Bjørnson i 1859. Melodien var det Rikard Nordraak som skreiv.
  14. Under 2. verdskrig var det forbod mot å gå i 17. mai-tog. Det var heller ikkje lov å bruke flagget sine fargar på kleda.
  15. Ved frigjeringa 8. mai 1945 blei flagget difor eit ekstra sterkt symbol på Noreg sin fridom.
  16. Raudrussen, blårussen, grønrussen og svartrussen feirar at dei er ferdige på vidaregåande skule.
  17. Vi et mellom fem og ti gonger så mykje is på 17. mai som ein vanleg vårdag.

QUIZ: PRØV DEG PÅ 17. MAI-QUIZEN VÅR!

Kommentarar

ANNONSE