Konfirmantane får mindre pengar i år

Etter to år med aukande gåvesummar ser det ut til at årets konfirmantar får 2000 kroner mindre å rutte med av foreldra, viser ei undersøking.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 06.05.2019 08:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje ei undersøking Ipsos har gjort for DNB kuttar konfirmantforeldre gåvebeløpet med meir enn 2.000 kroner frå i fjor. Konfirmantar kan i år vente seg 10.848 gåvekroner i snitt frå sine føresette.

Det er ikkje berre foreldre som held igjen på pengesetlane. I år kan konfirmantane vente seg nokre hundrelappar mindre både frå besteforeldre, onklar og tanter og andre konfirmasjonsgjester, ifølgje undersøkinga.

I ei tilsvarande undersøking i fjor svarte foreldre at dei i snitt gir 13.000 kroner, besteforeldre svarte at dei gir 7.500 kroner, medan gjester og andre svarte at dei gir 900 og 400 kroner i konfirmasjonsgåve. Til saman fekk konfirmantane i snitt 52.000 kroner på gåvebordet.

Les også: Blå Kors vil hjelpa konfirmantar frå fattige familiar

Renteheving kan vere årsaka

I år kan konfirmantane vente om lag 11.000 kroner frå foreldre, 7.200 kroner frå besteforeldre, 800 kroner frå gjester og 375 kroner frå venner og familie, som ikkje er invitert i konfirmasjonen.

Forbrukarøkonom i DNB, Silje Sandmæl. Foto: DNB

Forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB seier det kan vere fleire årsaker til nedgangen og at renteauken kan vere ein av dei.

– Etter historisk låg bustadlånsrente over mange år, blir det no varsla om ei høgare rente. Dette kan føre til at nokre familiar er meir forsiktige med store gåvebeløp enn tidlegare, seier Sandmæl.

Noregs Bank har sett opp styringsrenta to gonger det siste året, først i september i fjor, og såg igjen i mars i år. Dei siste vekene har bustadlånsrenta følgt etter.

Les også: – Berre dei tøffaste som ikkje seier kva dei fekk til konfirmasjonen

– Ikkje ha dårleg samvit

Dagleg leiar og redaktør i Finansportalen, Elisabeth Realfsen, meiner foreldre ikkje skal ha dårleg samvit for å gi mindre i konfirmasjonsgåve.

– Eg synest ikkje foreldre skal ha dårleg samvit om dei avgrensar pengegåva til konfirmanten. Foreldre hjelper barna sine økonomisk på fleire måtar, ikkje berre i konfirmasjonsgåva, men på andre tidspunkt i livet der det kanskje er vel så viktig, seier ho til NTB.

Då TNS Gallup gjennomførte ei liknande undersøking for Nordea tilbake i 2016, viste undersøkinga at ein gjennomsnittleg konfirmasjon kostar 36.500 kroner å arrangere.

Les også kva som er viktig kyrkjelege konfirmantar. Gud eller pengar?

konfirmasjon

Sadia Moon Sultana, Lene Gilje Sæverud, Hedda Geitung Håvik og Karoline Røksund har forska på religionsliv og konfirmasjon før og no på Bømlo. Foto: Svein Olav B. Langåker