Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den vesle vestlandskommunen Bømlo i Hordaland er truleg i noregstoppen når det kjem til talet på bedehus. Ifølgje ei oversikt frå indremisjonen er det 17 bedehus i kommunen, som tel 13.000 innbyggjarar.

Det er her mange reknar at kristendommen kom til Noreg for over 1000 år sidan. Og i 2011 vart det aller første lokallaget av Partiet Dei Kristne stifta i Bømlo.

Hedda Geitung Håvik, Karoline Røksund, Sadia Moon Sultana, Lene Gilje Sæverud tar sosiologi og sosialantropologi på Bømlo vidaregåande. Dei siste månadene har dei jobba med ei oppgåve der dei har undersøkt korleis religionslivet og konfirmasjonstida har endra seg.

– Det har vore ei endring dei siste åra, men ikkje så stor endring som me trudde, seier Karoline Røksund.

LES OGSÅ: Biskopen: – Det må vera lov å rota litt

Fekk ikkje konfirmera seg med krøller

Men nokre ting har endra seg kraftig. Då bestemora til Hedda Geitung Håvik hadde tenkt seg på kino, fekk ho beskjed frå mor si at ho ikkje ville nekta ho å gå, men at ho ville grina seg i svevn viss ho gjekk på kino.

Ei anna historie dei kom over, var då presten ville nekta ei jente med krøller å konfirmera seg. Presten trudde ho hadde tatt permanent, og meinte det var syndig. Han måtte overtydast om at jenta hadde naturlege krøller før ho fekk lov til å konfirmera seg.

Ikkje alle stader var like strenge, men kortspel og dans blei sett på som synd, og trommer var heidensk. For å vera kristen meinte mange at du måtte gå i kyrkja og bedehuset kvar veke.

– Me ungdommar set ikkje dei same grensene for kva det vil seia å vera personleg kristen som ein gjorde før, seier Lene Gilje Sæverud.

Blant dei eldre dei spurte var det berre éin som ikkje rekna seg som kristen. Mellom dei unge var det éin av tre som ikkje rekna seg som kristen.

Sadia Moon Sultana, Lene Gilje Sæverud, Hedda Geitung Håvik og Karoline Røksund har forska gjennom prosjektet Holbergprisen i skolen. Foto: Svein Olav B. Langåker

LES OGSÅ: Undersøking: Stor vekst i personleg kristne

Pengar eller Gud?

Sadia Moon Sultana og Lene Gilje Sæverud spurte fleire konfirmantar kva dei trudde var motivasjonen til andre ungdommar for å konfirmera seg.

– Veldig mange trudde andre var mest opptatt av å få pengar. Men mange svara samstundes at dei sjølve ikkje var så opptatt av pengar, og ville ha Gud med seg vidare i livet, seier Sadia Moon Sultana.

Veldig mange trudde andre var mest opptatt av å få pengar. Men mange svara samstundes at dei sjølve ikkje var så opptatt av pengar, og ville ha Gud med seg vidare i livet

Lene Gilje Sæverud trur fleire føler på forventningane.

– Når foreldra dine døypte deg, så er det nok ei forventning eller eit håp om at du skal bli konfirmert. Samtidig er det meir fokus på at ein skal ta eigne sjølvstendige val, enn ein gjorde før.

Karoline Røksund trur fleire stiller spørsmål med trua i dag.

– Eit spørsmål fleire kan stilla er: Kvifor gjer ikkje Gud noko med det fæle som skjer?

ARE KALVØ: Korleis skrive evangelium?

Meir på mopeden enn i bedehuset

Dei trur ikkje det er så mange ungdommar som pleier å gå på bedehuset. Samstundes viser undersøkinga deira at 92 prosent av dei spurte ungdommane svara at dei har deltatt på kristne arrangement.

Bømlo har lenge hatt Noregs største tensing-kor. Kvar øving syng dei velsigninga, men andakt er det stort sett berre éin gong i månaden.

– Dei fleste har vore innom tensing. Det er gøy å vera med når me får bestemma kva me skal gjera, seier Hedda Geitung Håvik, som sjølv sit i styret for Bømlo Ten-Sing

Sjå videoreportasje frå Bømlo Ten-Sing!

 

Så mange unge i Bømlo reknar seg som kristne:

  • Personleg kristen: 32 %
  • Kristen: 11 %
  • Usikker: 24 %
  • Ikkje kristen: 33 %
  • 54 ungdommar på Bømlo vidaregåande var med i undersøkinga