– Berre dei tøffaste som ikkje seier kva dei fekk til konfirmasjonen

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har høyrt om nokon som har skrytt av å ha fått nesten 50.000, seier Thea Marie Bjelland (15 på tysdag). Men ingen kjenner nokon som har fått meir.

– Eg blei ikkje skuffa sjølv om eg fekk mindre pengar enn andre. Eg fekk bunad, og den er mykje verdt, seier ho.

LES SAKA: Konfirmantar får i snitt 52.000 kroner på gåvebordet

Ikkje behov for å skryta

– Eg er glad for korta eg fekk, eg, seier Ole Litlabø Eikenes (14) med eit smil, før han legg til:

– Det er berre dei tøffaste som ikkje seier kva dei fekk i gåve til konfirmasjonen. Ein treng ikkje skryta av kva ein har fått. Då respekterer ein dei andre som ikkje vil seia kva dei har fått.

LES OGSÅ: Biskop åtvarar mot gåvepress til konfirmasjonen

Ulike grunnar til kor mykje ein får

– Nokon trur at kor mykje ein får handlar om rikdom, men det kan òg handla om at nokon har mindre eller større familiar, seier Malene Sørli (14).

Thea Marie fortel at ho har 3-4 søskenbarn som er like gamle. Ho forstår godt at det kan bli dyrt for besteforeldra deira.

– Det kan vera veldig mange grunnar til kva ein får konfirmasjonsgåve. Nokon får òg forskot på arv frå besteforeldre, seier Ole.

Mange tenkjer på gåvene

– Kva er det viktigaste med konfirmasjonen, då?

– Dei fleste tenkjer på pengar og gåvene. Mange i denne umodne alderen tenkjer meir på det, enn kva konfirmasjonen handlar om, seier Ole.

Fleire i klassen har lyst til å byggja sin eigen pc eller spara til å kjøpa moped, eller andre større ting. Andre vil spara pengar.

– Konfirmasjonen er mykje utanom gåvene også, påpeikar Malene.

KOMMENTAR: Konfirmasjon – ein beinhard konkurranse

Tru og tvil

Eit stort fleirtal i klassen har konfirmert seg i kyrkja. Tre stykk har konfirmert seg borgarleg. Mellom anna Thea Marie. Ho skryt av opplegget.

– Spør om det viktigaste, då! Om me trur på Gud! utbryt Malene, og utfordrar klassen sin til å rekke opp ei hand, dei som trur på Gud. Litt over halvparten rekk opp handa.

– Snakkar de om om tru med vennene dykkar?

Då er det ikkje så mange som rekk opp handa.

– Eg har snakka med kompisane mine om det, seier Ole, og seier han sjølv trur på Gud.

– Det blei travelt å ta konfirmasjon, med mange samlingar og kurs, men eg glad for at eg valde kristeleg konfirmasjon. Det var koseleg i kyrkja, og ein bra prest me hadde. Han hadde gode metodar til å læra vekk, og var både morosam og seriøs når det passa å vera det, avsluttar Malene.

LES OGSÅ: Må ta opp lån for konfirmasjon