Kjelder: Venezuelanske utsendingar forhandlar i Oslo

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.05.2019 20:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Høgtståande representantar for begge sider vil vere i møte i Oslo, seier ikkje namngitte medlemmer av Venezuelas opposisjonskontrollerte nasjonalforsamling.

Partane skal ha fått ein invitasjon frå «ei gruppe nordmenn». Blant representantane er informasjonsminister Jorge Rodriguez og Stalin Gonzalez frå nasjonalforsamlinga.

President Nicolás Maduro har sjølv uttalt at informasjonsministeren er på eit «veldig viktig møte» i utlandet.

Lurer du på kva som eigentleg skjer i Venezuela? NUPI skule gjev deg svaret her!

UD kommenterer ikkje

UD ønsker ikkje å kommentere opplysningane.

– Det trur eg ikkje at eg kan kommentere, seier kommunikasjonsrådgivar Per Wiggen til VG onsdag kveld.

Dette vil i så fall vere det første møtet mellom partane sidan opposisjonsleiar Juan Guaidó utropte seg sjølv til mellombels president i landet i januar.

Ifølgje den venezuelanske nyheitsnettstaden ALNavio skal fire parlamentarikarar og norske diplomatar vere med i forhandlingane. Ifølgje nettstaden kom delegasjonen Noreg i helga, og det skal ha vore fleire møte. Delegasjonen reiser tilbake til Venezuela på torsdag.

Les også: Guaidó vil erklære unntakstilstand i Venezuela

Fastlåst

Opposisjonen i Venezuela meiner Maduros vanstyre er årsak til den djupe økonomiske krisa i landet. Maduro leier eit land som stadig blir trua av økonomisk kollaps og matmangel. Millionar har flykta og hundretusenvis risikerer å svelte i hel.

Guaidó vart raskt anerkjent som mellombels president av USA. FN, EU og Noreg anerkjenner ikkje Guaidó som president og oppfordrar til ei forhandlingsløysing på krisa i landet.

Den nye forhandlingsviljen kan vere eit teikn på partane er trøytte etter lang tid med fastlåst maktkamp i Venezuela.

Noregs rolle

Latin-Amerika-ekspert Leiv Marsteintredet har tidlegare peikt på at Noreg har ei meir framståande rolle i Venezuela enn det som kjem fram offentleg.

Utanriksdepartementet har tidlegare ikkje ønskt å kommentere spørsmål knytt til eventuelt norsk engasjement i freds- og forsoningsprosessar, men har stadfesta at ein har hatt dialog med aktørane i det kriseramma landet.

– Noreg har oppfordra partane til å finne ei fredeleg løysing og har dialog med aktørane i landet, sa seniorrådgivar Wiggen til NTB i februar.

Les også om høgrebølgja i Latin-Amerika!

Jair Bolsonaro tok til som president i Brasil 1. januar 2019. Antonio Cruz/Agência Brasil [CC BY 3.0 br], via Wikimedia Commons