Agnes er Kinas mest frykta 21-åring. No blir ho nekta å stilla til val

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 07.02.2018 11:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Agnes Chow blei først kjent som talskvinne for elevdemonstrasjonane i Hong Kong i 2012. Då protesterte ho mot innføringa eit nytt pensum i skulen som blei sett på som «hjernevasking». Demonstrasjonane førte til at regjeringa i Hong Kong måtte gi seg.

Ho og andre aktivistar heldt fram med å protestera, mellom anna mot valreformene i 2014. Etter studentstreiken sa Chow ho ville gå ut av politikken og viste til «tungt press» og «ekstrem forvirring og utmatting».

Men det varte ikkje så lenge.

Agnes Chow og Joshua Wong i 2014 med raude bind for augo. Det skal symbolisera Kinas makt over Hong Kong. Foto: Wikipedia

Arrestert

Agnes Chow var blant grunnleggjarane av det pro-demokratiske Demosisto-partiet i Hong Kong i 2016. Partiet fekk same året valt inn tidenes yngste medlem i den lovgjevande forsamlinga i Hong Kong, den gong 23 år gamle Nathan Law.

Partiet arbeider for framleis sjølvstyre og ønskjer folkerøysting om forholdet til Kina etter 2047, då avtalen om eitt land, to system går ut.

Då Kinas sterke leiar, Xi Jinping, besøkte Hong Kong sommaren 2017, var Agnes Chow blant dei første som blei arresterte saman med Nathan Law. Law blei same året utestengt frå den lovgjevande forsamlinga i fem år.

Agnes Chow i 2017. Foto: Wikipedia

Blir nekta å stilla til val

11. mars er det eit nytt mellomval i Hong Kong der ein mellom anna skal velja ein erstattar til det no ledige setet til Nathan Law.

Agnes Chow gav tidlegare i år opp det britiske statsborgarskapet sitt for å kunne stilla til val.

No har styresmaktene bestemt at Agnes Chow likevel ikkje får stilla. Dei grunngjev dette med at ein folkevalt må visa truskap til grunnlova, og at dette vil vera umogleg for Chow sidan ho kjempar for sjølvstende for Hong Kong.

– Forbodet gjeld ikkje berre meg. Det er retta mot ein heil generasjon unge menneske som har eit anna syn enn styresmaktene. Dei ønskjer berre at unge folk skal visa kor glade dei er i Kina og kommunistpartiet. Eit kvart avvikande syn er no uakseptabelt, seier ho til The Guardian.