Færre nordmenn har flyskrekk
Flyskrekken i Noreg har gått ned sidan 1980-talet, viser ein ny studie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I 1986 sette 5 prosent av Noregs befolkning aldri beina sine i eit fly fordi dei hadde det forskarane kallar alvorleg flyskrekk. 29 år seinare, i 2015, var talet 0,5 prosent, skriv Forskning.no.
Les også: Ifjor var samferdselsministeren med på Noregs første el-flyging
Meir flyvante
Forskarane bak studien trur at årsaka til at nordmenn er mindre redde no er at vi flyr meir.
– Vi blir langsamt rolegare når vi erfarer at skrekkfantasiane våre ikkje slår til, og verkelegheita får stadig større plass. I tillegg får ein ein effekt av at folk flyr meir og får meir trening. Mange byrjar å fly i yngre alder, noko som betyr at ein som barn lærer at det er trygt å fly, seier professor og spesialist i psykiatri Øyvind Ekeberg til nettstaden.
Les også: Avinor åtvarar regjeringa mot vekst i flytrafikk
Mindre alkohol og roande tablettar
Det var også fleire som dempa frykta med alkohol eller roande tablettar, på 80-talet enn no. I 1986 drakk 11 prosent av dei som flaug alltid alkohol på turane sine, 29 år seinare er talet redusert til 7,5 prosent. Når det gjeld roande tablettar, tok 3 prosent dette i 1986, medan 2 prosent gjorde det i 2015.
Ekeberg seier at risikoen for flyulykker er så liten at dei ikkje klarer å finne noko mengdeomgrep for kor liten han er og at det derfor er mest dekkande så seie at han er null.