L-innsikt vert fast stripe på Framtida.no

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest det er veldig gøy! Eg tenkte eg ikkje kom til å få bruk for nynorsk – på same måte som likningar frå matematikk – men plutseleg kom det til nytte! fortel Linn Isabel Eielsen på telefon til Framtida.no.

For no vert 18-åringen frå Haugesund sin teikneserie «L-innsikt» fast inventar på Framtida.no kvar onsdag – på nynorsk.

Les første stripa her.

Mange jarn i elden

«L-innsikt» vart først til som ein spøk på Facebook for tre år sidan, men Eielsen har alltid vore kreativ. Ho teiknar, syng, skriv dikt og tekstar og spelar skodespel.

Haugesundscenen har nyleg sett opp ein musikal Eielsen har skrive, den andre som sådan, og alle dei tre framsyningane har vore utselde. Førre helg var ho i Bergen for å spele inn tre eigenkomponerte visesangar, sponsa av talentprogramet Nye bølgjer frå Haugesund.

– Eg er veldig målretta. Eg jobbar veldig hardt og innser at eg kan ikkje styre heilt kva som skjer heile tida. Eg prøver å få mogelegheitene og får heller ta ein jobb på si om det trengst, seier Eielsen.

Samstundes er det stadig fleire som oppdagar stripa. Til no leverer 18-åringen fast til Haugesunds Avis og Aftenposten Si;D, og talet følgjarar på Instagram har skote i veret frå 2000 stykk til over 6000 på nokre månadar. Sjølv med så mange jarn i elden er ikkje Eielsen redd for å gå tom for idéar:

– Eg stolar på at eg kjem til å koke opp noko. Det har alltid løyst seg, ikkje som eg har trudd, men på ein eller annan måte.

Les også meiningsinnlegget til Eielsen: Er det for mykje press på VGS-elevar? 

Tabutema

18-åringen har ikkje vegra seg for å ta i verken politikk eller psykisk helse i teikneserien sin, som ho også fortalde då Framtida.no intervjua ho tidlegare i år. Men der er likevel tema ho tidlegare har kvidd seg på å røre:

– Det er kroppsbilete og liknande ting. Det er ekstremt tungt, og flaut, og vanskeleg og vondt.

Men stripa som sikra ho sigeren i Fritt Ord sin konkurranse for vidaregåande skular handla om nettopp kropp og sjølvbilete, endå det var ein terskel å sende den inn:

– Eg knuga på den, men innsåg til slutt at den riv slik i absolutt alt som har med sjølvtillit, influencarar og dagens samfunn å gjere.

Enno har ho ikkje delt vinnarstripa med andre enn eit knippe vennar, men den kjem til å dukke opp i bladet ho skal gje ut til hausten.

Slik ser framsida til vinnarstripa på 30 ruter ut. Resten er framleis ikkje delt. Skjermdump: Miniblogg.no/linneielsen

Les også om Remy Berland (20) som meldte seg på som Brun og Blid-modell for å ta eit oppgjer med kroppspress!

For seint for «generasjon prestasjon»?

Sjølv om det er vanskeleg, er 18-åringen ikkje i tvil om det er viktig å dele stripa etter kvart.

– Mitt ubehag er ingenting. Eg er så uenig i mykje av det som skjer no med influencar-kulturen, og eg er så sint. Det var ingen som ropte høgt nok til at eg kunne høyre det då eg var 8 år gammal. No byrjar folk å rope, men det er for seint for mange i min generasjon, fortel Eielsen.

Dei jamaldrande vert gjerne kalla «generasjon prestasjon», og mange ropar no varsku for korleis sosiale medium påverkar sjølvbilete til dagens ungdom.

Eielsen håpar «L-innsikt» er ein fristad frå kroppspress:

– Eg teiknar alltid fjes, ikkje kropp. Det er ikkje fordi eg ikkje er god på anatomi, men eg vil ha minst mogeleg fokus på kropp. Eg vil skape dette safe space’et

Les også: Dagbladet er klaga inn til PFU og foreslått til ny Gullbarbie

Det er lov å feile

Samstundes meiner Eielsen det er viktig at teikneserien ikkje berre viser dei fine sidene av livet, men er realistisk og ekte.

– Eg feiler heile tida. Eg går på trynet og er kjempelei meg. Men eg er så lei av at alt skal vere ei sigershistorie. Nokre gongar er det nederlag og så går ein vidare, seier ho.

Eielsen medgjev at det kan vere skummelt å lage kunst av noko når ein ikkje veit om det går bra til slutt. Ho meiner likevel det viktigare å prate om utfordringar sjølv om ein ikkje har ei løysing enno, enn å halde stilt.

Difor er Eielsen open om at ho endå ikkje veit kva ho skal gjere på til hausten, om ho i det heile kjem inn på skulen ho vil, og at ho til tider har dårlege dagar med angstanfall og urolege kjensler.

– Ingenting eg seier kan endre verda, men eg kan bidra. Det er ein liten dråpe i havet, ein liten stad. Eg prøvar, og følgjer magefølelsen.

Les også intervjuet med Rainer Kleive som har laga dokumentarserien Drift om guten bak Kjartan Lauritzen: – Han lagar musikken, men det er fansen som har gjort han stor

Fotograf Rainer Kleive har dokumentert karriera til kameraten Per Áki Sigurdsson Kvikne frå starten.