Teikneserieskapar vann Fritt Ord-konkurransen

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av 240 bidrag frå nærare 300 elevar er det 18 år Linn Isabel Eielsen som har gått sigrande ut av Fritt Ord-konkurransen for vidaregåande skular.

Eielsen har mange jern i elden. I tillegg til å gå på vidaregåande er ho teikneserieskapar, forfattar, illustratør, musikar, skodespelar og slampoet.

Då Framtida.no intervjua Eielsen, som også står bak instagramkontoen linnsikt, tidlegare i år forklarte ho at kunsten ikkje berre er noko ho syslar med:

– Dette er ikkje noko eg «held på med», og eg vil ikkje kalle det enten hobbyen min eller jobben min, det er heile meg, det er personen eg er. Det er alt eg gjer og alt eg tenkjer på.

Hemmeleg vinnarbidrag

Årets oppgåve heitte Tegn! og inviterte elevar ved vidaregåande skular til å ta føre seg teikninga som ei ytring. Elevane kunne sjølve bestemme korleis dei ville ta fatt på tematikken: enten dei ville skrive, teikne, filme eller lage radio.

Bidraget som førte til at Eielsen stakk av med sigeren var ei teikneseriehistorie på 30 striper.

sin eigen blogg fortel Eielsen at ho sette muffinsen i halsen då beskjeden kom, og at det er utruleg gøy for L-innsikt som teikneserie. Vidare røper Eielsen korleis framsida til teikneseriestripa ser ut, men fortel også at ho enno ikkje vil dele heile stripa. Den er nemleg opptaksprøva hennar til Design og illustrasjon ved KMD i Bergen.

Skjermdump frå: Miniblogg.no/linneielsen

Prisen vert delt ut tidleg i juni, under teikneseriefestivalen Oslo Comix Expo. Fram til dess kan 18-åringen glede seg over at ho vert 15000 kroner rikare, og får ei studiereise til Strasbourg.