Kamzy Gunaratnam fekk Målblomen 2019

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ho stiller opp og taler nynorskens sak, noko som er veldig flott sidan ho ikkje er ein rotnorsk koftekledd person med dialekt, men ein ung og frisk varaordførar, rosar leiar i Oslo Mållag, Ellen Hellebostad Toft.

12. mai er det 134 år sidan jamstillingsvedtaket, som gav nynorsken offisiell status som jamstelt skriftspråk i Noreg.

For å feira jamstellingsvedtaket i 1885 vil Oslo Mållag heidra ein person som har utmerka seg med eit positivt engasjement for nynorsk. Tysdag vitja dei difor Oslo Rådhus for å gje Målblomen 2019 til varaordførar Khamshajiny «Kamzy» Gunaratnam.

Framme til venstre står Kamzy Gunaratnam, saman med leiar i Oslo mållag, Ellen Hellebostad Toft, og Liv Eldegard Talle. Bak frå venstre Vegard Horneland Foseide og Mads Rage. Foto: Stian Lothe

Gunaratnam: – Ei stor ære

Gunaratnam svarar på e-post til Framtida.no at det er ei stor ære.

– Eg er audmjuk. Tusen takk, skriv varaordføraren i Oslo.

Ho er kritisk til forslag om valfritt sidemål eller å fjerna sidemålskarakteren og stiller spørsmål ved kva ein ønskjer å oppnå med dette.

Her er ho heilt på linje med målrørsla, som tykkjer det er stas å ha Gunaratnam med på sitt lag.

Les også: Bergens Tidende-journalist får nynorskpris

Nynorsk motivasjon

Hellebostad Toft er imponert korleis Gunaratnam, som sjølv hadde fritak frå sidemål, ser verdien av språkmangfald.

– Kvart år arrangerer me ein nynorskmotivasjonsdag for lærarar i Oslo. Me har ønskt å få nokon frå bystyret og hatt problem med dette, men då me spurde Kamzy sa ho ja med det same og kom og heldt opningstalen på nynorsk, seier Hellebostad Toft.

Ikkje minst rosar ho varaordføraren for eit friskt utspel frå 2014, der Gunaratnam tok til orde for å ha halve pensum på nynorsk.

Meir radikal enn Mållaget

Dette er eit forslag som ifølgje Hellebostad Toft meir radikalt enn det Mållaget har våga å kome med, men Gunaratnam meiner framleis det er ein god idé.

– Skal vi oppfylle lova må elevane få ei god oppleving av nynorsken. Det er faget nokre har eit problem med, ikkje språket. Forslaget stammar frå eit prøveprosjekt på Holmlia skole der halvparten av tekstbøkene var på nynorsk. Resultata var gode og elevane var begeistra. La oss vere litt kreative!

Gunaratnam vegrar seg for å love ting i intervju, men synest vi kan gjere meir kultur tilgjengeleg på nynorsk.

Les også: «Lovleg» får pris for levande nynorsk

Den kristne handballspelaren Peter (Runar Naustdal), dramaeleven Sara (Silje Holm Carlsen), hovudpersonen Gunnhild (Kristine Ryssdalsnes Horvli) og musikkeleven Alex (Olav Barmen Trollebø) bur saman i kollektiv i serien Lovleg. Foto: NRK P3