«Jævla sosialist? Himla god politikk!»

Jeffrey Meijer, Vestland SV
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Oi, oi, eg er visst ein jævel ifølgje Siv Jensen. Dette kan då ikkje vere grunna oppførsel? Hendingar som Keshvari sine ulovlege reiser, Listhaug sine påstandar om at Ap er terroristsympatisørar, og Ulf Leirstein som sendte porno til unge i Fpu er alle døme på ikkje-jævleg oppførsel ifølgje Jensen.

Tidlegare har ho sagt at det Keshvari gjorde var alvorleg, Ulf Leirstein gjorde noko «ikkje greitt», og Listhaug tok ho til forsvar. Slik oppførsel fortente altså ikkje å bli skildra som jævla/jævleg. I sosialistpartia SV og Raudt, har ikkje slik oppførsel fått fotfeste, eg antar derfor at det ikkje er sosialistisk oppførsel som er jævleg.

Det må derfor vere politikken, altså meiningane våre som er jævleg. Det kan hende det som er jævleg er at SV tykkjer vi må ta større ansvar for våre elever. Dette med å innføre skulemat i grunnskule og vidaregåande, når vi meiner at seksualundervisninga må styrkast og at ikkje berre heterosex skal vere pensum, eller når vi vil opprette internattilbod til bortebuarar på vidaregåande. Ja, så dette er tydelegvis heilt jævleg.

Det må derfor vere politikken, altså meiningane våre som er jævleg

Når eg som sosialist tykkjer at pengar meint til velferd skal gå til velferd, og ikkje i lomma til dei få kommersielle eigarane, eller når eg ønskjer eit mobilt ambulerande tannhelsetilbod for plassar kvar det er langt til tannlegen, så er dette tydelegvis heilt jævleg.

Kanskje er det når SV vil ta klimakampen? Når vi vil at hurtigbåtane skal vere nullutsleppsbåtar innan 2024, eller når vi vil styrke kollektivtransporten gjennom fleire avgangar, ungdomskort til 25 år og utsleppsfrie ferjer. Også vegen må oppgraderast, tofeltsveg må til i desse rasherja tider. Dette er det tydelegvis heilt jævleg å tenkje.

Men hæ?! Vent litt… Dette høyrast jo faktisk ut som ganske hyggjeleg og framtidsretta politikk! Det høyrast snarare ut som noko himmelsk framfor noko jævleg?!

Så då er det vel oppførselen vår det går på då, for politikken høyrast ikkje så jævleg ut. Og om også du har liknande tankar, og syns politikken eg nemnte her virka kult og lykkespreiande, ja så kan det hende at også du er ein jævla sosialist!

Så kva ventar du på? Bli ein jævla sosialist du òg, ver med i vårt jævla sosialistparti, slik at også du kan fremje himla god politikk! Eller var det jævla god politikk? Eg går litt i surr, sånt skjer tydelegvis med oss jævlar.