Åsmund (32) etterlyser historiar om det å vere vaksen og skeiv

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg føler delvis på eit ansvar for å skrive historier om lukkelege vaksne homoar. Det vil mange seie at vi treng som eit motvekt til alle gangane dei skeive folka tek livet sitt på siste side i romanar, fortel forfattar og biolog Åsmund Husabø Eikenes.

32-åringen har likevel ikkje skrive ein romantisk komedie med skeive hovudkarakterar, når han no debuterer skjønnlitterært med romanen Håkon. Snarare det motsette.

Husabø Eikenes har tidlegare gjeve ut dei populærvitskapelege bøkene Handboka: alt du vil vite om hendene dine – og litt til og Sprut: historia om kroppsvæskene våre, også dei på Samlaget. Det er likevel med litt meir nervar i kroppen han presenterer Håkon.

– Eg kan ikkje lenger gøyme meg bak faktaane. Det er langt meir sårbart no.

Håkon

Husabø Eikenes seier boka ikkje er sjølvbiografisk, men han kjenner att nokre episodar også i si eiga fortid der han hadde valet: Å vere ærleg eller seie det han trudde var rett.

Håkon er ein mann i 30-åra, og romanen følgjer forholda han har til dei tre viktigaste mennene i livet sitt.

Håkon har vore saman med Arve i mangfaldige år, men dei siste åra har Arve synt fram ei side av seg sjølv som Håkon ikkje likar. Ei side som er sjalu og kontrollerande. Samstundes dukkar Thomas opp, med sine mørke krøllar og opne armar, som eit bilete på korleis livet kan vere om Håkon berre torer. Og endeleg Stig som er trygg og stabil, men som ikkje kjenner den ekte Håkon.

I arbeidet har Husabø Eikenes leita etter tidspunkt i livet til Håkon der han står ved eit vegskille – å vere ærleg eller ikkje – der gangen vidare vert prega av kva han vel.

Vil han halde saman med Arve trass i overtrampa hans? Skal han lyge om seg sjølv for å skape A4-livet Stig ynskjer? Fortener han nokon som Thomas?

Forfattaren medgjev at det til tider har vore vondt, og at han ber lesaren vere med på ei tidvis brutal historie om både partnervald og sjølvforakt.

Les også intervjuet med Leah (19) som forfattardebuterer med faren Levi Henriksen (54): – Eg har jo ofte vore irritert på han i prosessen

Korleis vere ein bra mann?

– Det er klart at fleire av desse mennene ikkje klarar heilt vere einige med seg sjølv om korleis vere ein bra mann, seier Husabø Eikenes.

Forfattaren forklarar at karakterane strevar med å finne ut korleis dei skal vere single menn i slutten av 30-åra når verdiane ein vert mål opp mot er karriere, suksess og kropp, utan rom for mange andre nyansar.

Dei slit med å akseptere seg sjølve for den dei er, og å tore å vere open om det. Håkon trur han lyt skjerme sjølv bror sin for livet han lever:

«Vi er for ulike til at han vil forstå meg, til at livet mitt gir meining for han. …Eg vil heller at bror min er glad i meg på avstand enn at eg mistar han på grunn av kaoset eg har
rota meg sjølv inn i.»

Håkon står difor mykje åleine når han freistar å finne ut av vaksenlivet. Eit liv der sex er stadig meir tilgjengeleg, og vert lagt stadig meir vekt på: Korleis ha mykje sex, betre sex og med fleire.

– Det er ein kontrast mellom kor lett det er for dei å ha sex med kvarandre, men kor vanskeleg det er å snakke saman. Særleg dei gangane dette skjer tett på kvarandre. Dei får ikkje til å seie ei setning om at «dette er viktig for meg». Det synest eg er veldig spennande, og veldig leit for Håkon. Men realistisk, seier Husabø Eikenes.

I førekant av boklanseringa var Grünerløkka tapetsert med bokomslag og -sitat. Foto: Privat

Livet utanfor skapet

Endå Håkon ikkje er eit glansbilete, så fortel romanen likevel ei historie som til no har vore mangelvare, særleg i norsk litteratur. Historier om skeive personar som ikkje set punktum i det ein står fram med kven ein er.

– Liva våre er ikkje slik. Vi lever 50-60 år etter vi kjem ut av skapet, påpeikar Husabø Eikenes.

Både i litteraturen og på film er forteljingane om skeive liv gjerne avgrensa til alle «dei første», fortel Husabø Eikenes. Første kjærleik, første gong ein oppdagar at ein er annleis, og første gong ein fortel det til nokon.

– Når resten av vaksenlivet ikkje er tilstades trur eg det kan tyde på at vi manglar eit språk og vi manglar historier å relatere oss til. Vi manglar mogelegheita til å finne ut korleis vi skal vere vaksne gjennom litteraturen.

Då Husabø Eikes tidlegare i år skulle fortelje Framtida.no kva bok som hadde forma han, var Et lite liv av Hanya Yanagihara ei av dei han trakk fram. Forfattaren fortel at boka også har forma Håkon.

– Den gav ein slags tryggheit om at det er plass til, og verdi i, historiene til skeive folk, og at dei kan ta så mykje plass som eit liv tek. Og at det å skrive både om veldig fine ting og veldig kjipe ting i det same mennesket si oppleving av verda er både mogeleg og gjer inntrykk, seier Husabø Eikenes.

Les også intervjuet med Henning Rasmussen (18) som har skrive diktsamlinga Du skal bli elsket lenge: – Det er eit problem at me ikkje snakkar om at menn blir valdtekne

Starten på praten

Husabø Eikes håpar Håkon kan vere med å flytte samtalen vidare frå «ut av skapet»-historiane til ein breiare diskusjon om kva det vil seie å vere vaksen og skeiv.

– Boka er eit bidrag til å skildre behovet for ei samtale om korleis skeive relasjonar kan og skal vere, seier forfattaren og spør:

– Skal alle vere saman i monogame parforhold, som etterliknar heteronormative forhold? Skal vi tenke annleis om korleis ein skal vere glad i folk, og korleis ein skal bu og leve saman?

Sjølv kan Husabø Eikenes konstanstere at eit skeivt liv på langt nær treng vere som Håkon sitt: I september feirer han å ha vore gift i ti år.

– Eg får leve dei lukkelege historiene og skrive dei kjipe, om det går an å seie.

Åsmund Husabø Eikenes underviser også på UiO i formidling og kommunikasjon for naturvitarar, og understreker at det er ikkje noko motsetnad mellom å skrive sakprosa og skjønnlitteratur: – Det er også historiedrive til tusen.

Les også om Dale IL som innfører regnbogefarga kapteinsbind: – Vår måte å markere at det er rom for mangfald i fotballen

Åsmund Husabø Eikenes har tidlegare arbeidd som forskingsjournalist i Framtida.no.