Held fast ved russebuss-forbod
Tre russebusselskap prøver å stansa forbodet regjeringa har innført mot sidevende sete og ståplassar. Oslo tingrett seier nei til å utsetja forbodet.
Dei tre russebusselskapa Russebuss, Niwiro og Sidestilt har saksøkt staten ved Samferdselsdepartementet i samband med eit forbod som tredde i kraft frå nyttår. Dei krev at forbodet blir kjent ugyldig, og dei vil i tillegg krevja erstatning.
Dei nye reglane betyr at bussar med sidestilte sete og ståplassar i praksis blir forbodne å bruke som russebussar.
Samtidig har russebusselskapa bede om ei mellombels åtgjerd, noko som inneber at ei innføring av forbodet må venta til domstolen har behandla saka.
Partane møttest i Oslo tingrett onsdag førre veke, og no har altså tingretten komme fram til at dei ikkje tek kravet frå russebusselskapa til følgje.
Samtidig må selskapa betala sakskostnadene til staten på godt og vel 94.000 kroner.






