Vi tenkjer ikkje så mykje på dei, ingeniørane som heile tida sørgjer for at vi har reint vatn i springen, straum i stikkontakten, at mobilen har dekning, og at søppelet blir henta. Kva skulle vi gjort utan dei?
NPK-Hallvard Østrem
NPK-Hallvard Østrem
Sivilingeniør Torgeir Bryge Ødegården har skrive bok om infrastrukturen knytt til heimen. Foto: Fotogjengen Studentersamfundet i Trondhjem

Infrastruktur heiter det på fint, det dei steller med, og akkurat desse oppgåvene – vatn og avløp, elektrisitet, renovasjon og trådlaus kommunikasjon – er dei som vi nyt godt av i hus og heim.

– Dette er kanskje blant dei viktigaste oppgåvene, for dei vedgår folk flest direkte. Eg ønskjer å få folk til å tenkje litt over det. Kva ville dei ha gjort om ikkje all denne infrastrukturen var på plass? seier sivilingeniør, tidlegare ungdomsskulelærar og forfattar Torgeir Bryge Ødegården.

Ødegården har skrive boka «Norsk infrastruktur», som handlar om nettopp desse fire funksjonane og historia, fysikken, logistikken og teknologien bak dei.

Kva skjer med søppelet etter at søppelbilen har henta det? Kor kjem energien i straumen frå? Ser vi nokon gong igjen vatnet vi skyl ned i do? Og korleis er det i det heile mogleg å kommunisere trådlaust?

Les også intervjuet med elektrikaren Martin (25): Hadde ikkje i sin villaste fantasi planlagt å jobbe på CERN

Husmannsplassen

Husmannsplassen Stykkebakken på Maihaugen fungerer som kontrasten i “Norsk infrastruktur”. På garden i Gudbrandsdalen var det lenge verken innlagd vatn, straum, telefon eller søppelhenting.
Foto: Torgeir Bryge Ødegården

Alt dette prøver Ødegården å forklare enkelt og forståeleg i boka. Og for å setje utviklinga i perspektiv bruker han Asmund Bakken, som gjennom størstedelen av 1900-talet budde på husmannsplassen Stykkebakken i Gudbrandsdalen. Gardsbygningane frå Stykkebakken står i dag på friluftsmuseet på Maihaugen på Lillehammer.

– Asmund Bakken er jo ein verkeleg person. Framstillinga i boka byggjer på litt fakta om han, og så har eg dikta resten. Mykje har skjedd dei siste hundre åra, og det er ein god kontrast, seier Ødegården.

– Folk gjekk til dømes på do i gamle dagar òg, men dei var ikkje fleire og budde ikkje tettare enn at dei kunne grave det ned. Men når folk byrja å samle seg i byar, så voks problema, slik som med smitte gjennom forureina vatn. Menneska har prøvd seg litt fram og funne ut at ein må handtere slike ting på ein ordna måte.

Før det vart vanleg med innlagd vatn, måtte kommunen mange stader sørgje for å tømme doane. Her tar ein renovasjonsarbeidar hand om dobøtter på Bakklandet i Trondheim i 1962. Foto: NTNU Universitetsbiblioteket

Les også saka: Denne vesle brikka kan verte din nye fastlege – inne i kroppen din

Kva med miljøet?

Ein tidleg trådlausvariant var radioteknologien som vart utvikla under andre verdskrigen. Her er ein kar med militær sambandstelefon. Foto: Kåre A. Jørgenvaag / NTNU Universitetsbiblioteket

På Stykkebakken var det verken innlagd vatn eller kloakkrøyr og inga søppelhenting, og det tok lang tid før Bakken fekk lagt inn straum. Ikkje hadde han telefon heller, og då mobiltelefonen kom, var hans tid for lengst forbi, står det i boka.

Vi som lever i dag, har ein enklare kvardag enn Bakken i så måte, men vi er samtidig alle med på å forbruke meir enn det miljø og klima kan tole på sikt. Ødegården håper derfor han kan bidra til å gjere folk litt meir medvitne infrastrukturbrukarar ved å kaste mindre søppel, ta vare på vatnet og ikkje sløse med energien.

– Vi kan ikkje overlate klimautfordringane til enkeltindivid åleine, det går ikkje. Vi må ha endringar på systemnivå i tillegg. Men når det gjeld infrastrukturen knytt til heimen, er det mykje konkret vi kan gjere for å hjelpe til, seier Ødegården.

– Eg håper jo å kunne bidra litt til å auke medvitet om bruken av infrastruktur, at vi deler på dei same ressursane, enten det er vatn eller energi. Derfor må vi tenkje over vår eigen bruk, at vi ikkje bruker avløpssystemet som søppeldunk eller svir av masse straum berre fordi han er billig.

Renovasjon og sortering og behandling av avfall er eitt av infrastrukturtiltaka vi har vorte avhengige av. Her frå ei søppelfylling i Oslo i 1953. Foto: Dagbladet / Norsk Folkemuseum

Les også: Fleire unge gründerar tenker grønt: – Vi visste tidleg at vi ville gjere noko som var miljøorientert

Kva viss straumen går?

Stødige arbeidskarar i ei høgspentmast ved kraftverket i Nore i Numedal, som stod ferdig i 1928. Foto: Statkraft

– Det er eit beredskapsperspektiv her òg: Kva om vi mistar vatnet, straumen og mobilnettet, og ingen hentar søppelet vårt?

– Dette vart jo aktualisert med denne brosjyren som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gav ut sist haust, der dei lista opp ein del ting som folk bør vurdere å ha heime for å kunne klare seg sjølve i tre døgn, til dømes ved eit langvarig straumbrot. Det er eit retorisk spørsmål eg stiller: Viss straumen plutseleg skulle bli borte i lang tid, kva problem byr det på?

– Er du godt førebudd sjølv?

– Ja, eg gjekk gjennom lista og fann ut at eg hadde det meste faktisk. Eg må innrømme at eg ikkje har store dunkar med vatn ståande, men eg har eit minimum av utstyr, seier Ødegården.

Boka er ei lettlesen innføring for alle som er interesserte i å lære litt om den nære infrastrukturen som vi har gjort oss så avhengige av. Men Ødegården har òg hatt særleg ei bestemt målgruppe i tankane.

– Det er ungdom. Eg har prøvd å sjå dette i samanheng med yrkesval og gi ei praktisk tilnærming til realfaga, seier Torgeir Bryge Ødegården, som har fått støtte til bokprosjektet frå Det faglitterære fond og Nasjonalt senter for realfagsrekruttering.

Les også om elevane som utdannar seg for framtida sin arbeidsmarknad: – Jobben vår vil jo eigentleg bli å styra det som skal ta jobbane frå andre

Luftig inspeksjon av røyrmontasjen i samband med bygginga av kraftverket i Glomfjord i 1918. Foto: Statkraft
Oppdatert: onsdag 1. mai 2019 15.20

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE