Tre av fire skal ha friluftspåske – men lommeboka held mange heime

Tre av fire planlegg ein tur ut i naturen i påskeferien, men ei undersøking viser at dei med lågare inntekt i større grad blir verande inne.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verken alder, kjønn, geografi eller utdanning har særleg mykje å seie for i kva grad nordmenn planlegg å drive med friluftsaktivitetar i påsken, viser ei fersk undersøking Ipsos har gjort for turorganisasjonen Norsk Friluftsliv.

Det som derimot har noko å seie, er storleiken på lommeboka. Ifølgje undersøkinga planlegg 75 prosent av alle nordmenn å sykle, gå på ski, gå på tur eller drive med liknande aktivitetar i påsken, medan berre 63 prosent av dei som tener under 500.000 kroner i året, planlegg det same.

– Tala gir grunn til bekymring, men også til litt undring. Det å komme seg ut i naturen er jo i utgangspunktet noko av det billegaste ein kan gjere, seier generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv til NTB.

– Eg trur ei av årsakene er at folk med dårlegare råd må prioritere å jobbe i staden for å ta seg fridagar, og det tyder på at det framleis er eit klasseskilje i Noreg i dag, seier Heimdal.

Les også om Lise (32) som snart har spart nok til å kunne pensjonere seg.

Etterlyser tiltak

I tillegg til å jobbe for å motverke samfunnsproblemet med økonomisk forskjell, meiner Heimdal politikarane bør ta grep for å gjere naturen meir tilgjengeleg for folk flest både i påsken og elles i året.

– Vi må sikre gode parkeringsplassar så folk ikkje blir heime fordi dei trur det er fullt. Mykje bra er allereie gjort når det gjeld merking og skilting, men også her har vi ein lang veg å gå. Det er fint at det er opna for at vi kan bruke spelemidlar, men her må kommunane òg på banen, seier Heimdal.

Han rettar òg peikefingeren mot Bane Nor og NSB/Vy, som ifølgje han har lagt ned fleire togstasjonar som kunne vore gode startstader for turar i påskefjellet.

– Enkle og billege turmoglegheiter til gode utfartsstader er viktig, og derfor er det tungt at haldeplassar som eigentleg er flotte utgangspunkt for turar blir lagt ned. Vi skulle gjerne hatt betre samarbeid med både busselskapa og NSB/Vy, seier generalsekretæren.

Les også: Etterlyser større innsats for ungdom som veks opp i fattige familiar

Treng ikkje sydentur

Det kanskje aller viktigaste tiltaket er likevel å informere folk om dei friluftsmoglegheitene som finst i nærleiken av der dei bur, meiner Heimdal.

Han peikar på at mange, særleg unge, ikkje er klar over kva som finst rett rundt hjørnet.

– Kommunane må vere flinke til å presentere moglegheitene som ligg i nærområdet. Ein treng ikkje gjere noko spektakulært som å reisa høgt opp på fjellet eller til Syden for å ha store og flotte naturopplevingar. I og i nærleiken av byane finst det veldig mange ting ein kan gjere, seier Heimdal.

Les også om karane som køyrer 6000 km med elbil til polarsirkelen: – Vi ser på det som ein spennande utfordring.

– Helsefremjande

Generalsekretæren og naturentusiasten peikar dessutan på at det å få fleire ut i friluft òg kan bidra til å løyse ei anna sentral samfunnsutfordring – folkehelsa.

Heimdal viser til SSB-tal som viser at det å ta vare på helsa i snitt kosta staten 68.000 kroner per innbyggar i 2018, ein kostnad han meiner hadde vorte lågare dersom fleire kom seg ut i naturen.

– Å gjere naturen meir tilgjengeleg er ein av dei smartaste tinga vi kan gjere for å betre helsa til folk. For samfunnet er det enorme verdiar å hente frå å satse på gode naturopplevingar, seier Heimdal.

– Naturen er for mange det beste helsestudioet dei kan få. Det gir god rekreasjon, avkopling, kvile og energipåfyll og kostar lite, seier han.

Les også om den nye DNT ung-leiaren: – Saman skal vi vise fleire ungdomar at det er plass til alle i naturen. Samstundes skal vi jobbe for at også komande generasjonar har tilgong til urørt natur. 

Markus Malmin tek over ansvaret for DNT ung dei neste to åra. Foto: Monica Hägglund Langen/DNT Ung