Store urfolks-demonstrasjonar mot norsk oppdrettsnæring
Under heile besøket til kongeparet i Chile har demonstrantar laga bråk og tiltrekt seg merksemd. Men kva er bodskapen deira?


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire organisasjonar og interesser har vore involverte i demonstrasjonane i Chile under statsbesøket, som vart avslutta søndag kveld. Det samlande punktet har likevel vore at dei er kritiske til at laksenæringa ønsker å ekspandere til nye område i Chile, spesielt sør i landet.
Grupperingar som representerer urfolket i dei sørlege regionane, har engasjert seg sterkt i demonstrasjonane.
Grunnen til at skytset blir retta mot det norske kongeparet, er at norske oppdrettsselskap er tungt til stades og gjer investeringar i Chile.
Les også: Vil stilla CO2-krav til oppdrettsnæringa
– Ingen lyttar
Då kongeparet søndag landa i Puerto Williams ved Chiles sørspiss, vart dei møtt av sinte demonstrantar frå urfolket yaganarane.
– Vi er her fordi dette er territoriet vårt. Her har vi vore i 7000 år. Vi demonstrerer fordi ingen lyttar til oss. Forhistoria til laksenæringa i Chile er ikkje bra, og no ønsker dei å etablere seg her, i eit område som er anerkjent som svært urørt av menneske, seier David Esteban Alday Chiguai, president i yaganar-samfunnet i Puerto Williams til NTB.

PUERTO WILLIAMS: 40–50 demonstrantar som er kritiske til laksenæringa, blokkerte vegen og dunka på bilen til kongen og dronninga under besøket til den vesle bygda Puerto Williams. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
På vegner av urfolket overleverte han eit brev til kongeparet då dei besøkte heimbygda hans.
– Vi, yagan-samfunnet, det sørlegaste urfolket i verda, vil gi dykk dette brevet fordi vi i tusenvis av år har brydd oss om miljøet på denne sørlege staden, skriv dei. I brevet vender dei seg direkte til kongeparet.
– Vi ber om at de kan bestemme å ikkje innføre denne destruktive industrien, lakseoppdrettsnæringa, i kanalane våre og territoriet vårt, skriv dei.
I brevet blir næringa skulda for å bringe med seg låge oksygennivå i vatnet og for dårleg handtering av søppel og avfall.
– Doble standardar
Chile er no den nest største lakseeksportøren i verda etter Noreg, og etter fleire år med problem med fiskesjukdommar og algar, veks næringa raskare enn i Noreg.
Regelverket er likevel mindre strengt enn i Noreg, og det blir tillate større bruk av antibiotikum og sanksjonane ved rømming er ikkje like strenge.
– Dei norske oppdrettsselskapa som er til stades i Chile har doble standardar. Dei har veldig høge standardar når det gjeld miljø, sanitære forhold og sosiale- og arbeidsvilkår i Noreg. Men dårlegare forhold her i Chile. Kvifor? spurde Juan Carlos Cardenas.
Han leier organisasjonen Centro Ecoceanos Chile og deltok i demonstrasjonar utanfor nasjonalbiblioteket i hovudstaden Santiago torsdag.
– I delar av Chile kjem store delar av havforureininga, kjemisk forureining, frå oppdrettsnæringa, som ofte ikkje følgjer reglane. Vi ber det norske folket om å rette merksemd mot dei norske selskapa og korleis dei opptrer i Chile, fortalde han.

SANTIAGO: Juan Carlos Cardenas meiner dei norske selskapa opererer med doble standardar. Han deltok i demonstrasjonen utanfor nasjonalbiblioteket i hovudstaden Santiago torsdag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
Kong Harald: – Demokratiet fungerer
Då kongeparet vart møtt av demonstrantar i byen Punta Arenas i helga, stoppa dei opp og snakka med demonstrantane.
– Vi synest det er riktig at dei skal blir høyrde. Og at vi viser at vi gjerne vil lytte, sa dronning Sonja i etterkant.
Kongen meiner at demonstrasjonane er eit teikn på at demokratiet i Chile fungerer og viser til at det også er diskusjonar rundt oppdrettsnæringa i Noreg.
– Dei er heilt klart bekymra for eiga framtid. Det må dei få lov til. Og dei må få lov til å gi uttrykk for det. Det må lagast reglar og lover som gjer at det blir ordentleg berekraftig også for dei, seier kongen.
Les også kva kongen seier om skulestreik for klima:– Det er deira verd dei snakkar om
Fiskeriministeren: – Chile må lage reglane
Noregs fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) har understreka at det er Chile som må setje standarden for dei chilenske selskapa.
– Eg forventar at alle norske selskap som driv verksemd utanfor Noregs grenser, følgjer dei til kvar tid gjeldande reglar i landet ein opererer i. Det skulle berre mangle, sa fiskeriministeren til NTB fredag.
– Men trengst det kanskje strengare reglar i Chile?
– Ja, det seier jo faktisk også selskapa sjølve. At kanskje ein må sjå på det. Men det må bli styresmaktene i Chile som avgjer det, seier Nesvik.

Foto: Ida Johanne Aadland