Før premieren spurte ein av skodespelarane om å få heite Demian i rulleteksta

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvifor skal ein portrettera fortida? Det handlar om å reflektera over samtida gjennom å sjå på fortida.

Framtida.no møter Dominga Sotomayor Castillo for å snakka om hennar nye film Too late to die young.

I fjor vart den 33 år gamle chilenske filmskaparen den første kvinna til å vinne prisen for beste regi under filmfestivalen i Locarno i Sveits.

Prisen fekk ho for sin andre langfilm, som vart vist på Tromsø Internasjonale Filmfestival (TIFF) og på nye Vega Scene i Oslo i januar. Filmen kjem på norske kinoar først i november 2019.

Les også: «Rekonstruksjon Utøya» vann Guldbagge for beste regi

Økologisk idealsamfunn

Tarde Para Morir Joven, som er originaltittelen, er ei slags oppvekstskildring frå eit lite økosamfunn i nærleiken av ein større by.

Sjølv om historia ikkje er sjølvbiografisk er eit av hovudelementa, nemleg staden, inspirert av Castillo sin eigen oppvekst. Då ho var fire år flytta nemleg hennar eigen familie saman med fleire unge, kreative familiar til eit område utanfor hovudstaden Santiago, der dei ikkje hadde straum det første året.

Landskapet i «Too late to die young» er inspirert av regissør Dominga Sotomayor Castillo sin eigen oppvekst, men naturen speler ikkje alltid på lag med menneska. Foto: Stray Dogs

Med eit flettverk av karakterar som lever saman freistar regissøren å skildra forhold mellom menneskjer, generasjonar og klassar, men kanskje mest av alt forholdet mellom menneskja og naturen.

– Landskapet er ein veldig viktig karakter. Mi første tilnærming til prosjektet var korleis desse folka er ein del av landskapet. Det er ikkje grenser mellom dei og naturen, forklarar ho.

Ei av utfordringane som viser seg å få store konsekvensar er mangelen på vatn, som vert svært alvorleg når det bryt ut skogbrann og naturen vender seg mot menneska. Også her har regissøren henta inspirasjon frå eige liv.

Sjå trailer for filmen her:

Det relevante irrelevante

Hendingane i Too late to die young er sett til rundt nyttår 1989-1990. Det er sommar i Chile, som ventar på sitt første demokratiske val etter diktatoren Augusto Pinochet.

– Under diktatorskapet, som eg ikkje har opplevd så eg kan eg ikkje seie mykje, så vil eg seie at film, musikk og kunst prøvde å portrettera lidingane. Det viktigaste var å visa verda kva som skjedde. Å dokumentera det og ta eit politisk standpunkt, seier 33-åringen.

Ho skildrar sin eigen generasjon som veldig upolitisk og meiner å sjå eit skifte i kva folk var oppteken av etter at støvet etter kaoset i landet la seg.

– Det viktigaste som skjedde var ikkje i gatene, men i heimane. Etter at demokratiet kom til Chile har chilensk film vorte meir personleg og det har kome ein eksplosjon av ulike stemmer, seier regissøren.

Sjølv meiner ho at «det er noko enkelt og menneskeleg i det å portrettera irrelevansen av dagleglivet».

– Eg trur det ofte er ein forskjell mellom kva du trur du vil ha og kva du vil ha og treng, seier Dominga Sotomayor Castillo. For Sofia (Demian Hernández) vert Ignacio (Matías Oviedo) ein måte å koma seg frå økosamfunnet og faren til byen der kunstnarmora hennar bur.
Foto: Stray Dogs

Ungt dødsalvor

Medan andre gjerne er oppteken av dei store politiske hendingane er Castillo meir oppteken av dei flytande overgangane. I sin andre langfilm ville ho fanga noko av korleis det kjennest å veksa opp.

På same måte som bakteppet i filmen er eit Chile i ein modningsprosess møter me fleire barn og tenåringar i ein overgangsfase.

33-åringen likar å portrettere barn og tenåringar fordi ho likar deira direkte perspektiv på verda, som dei tek inn utan fordommar.

– Eg hugsar den første kjensla av frykt for døden og å forelska seg for første gong, så djupt og tragisk. Ein kan til og med kopla frykta for døden med å forelska seg, så djupt og intenst. Men når du veks opp så lærer du å kontrollere deg sjølv, seier Castillo.

Vil du høyra meir om korleis Dominga Sotomayor Castillo jobbar? Sjå Montages sin samtale med regissøren under TIFF:

Då Demian kom

I arbeidet med å finna skodespelarar fekk Castillo hjelp av mor si, som sjølv er skodespelar. Saman inviterte dei barn og ungar som dei ville ha med i filmen til ein musikalsk workshop, der rollene vart fordelt.

I arbeidet med unge og uerfarne skodespelarar er 33-åringen oppteken av å bruka deira personlege erfaringar inn i rolletolkingane. Ein skodespelar si personlege reise har påverka regissøren spesielt sterkt.

I rulleteksta etter filmen kan ein sjå at den unge tenåringsjenta Sofia, ein av dei berande karakterane i filmen, er spelt av ein gut.

Demian Hernández var ven av kjærasten til bror til Castillo, men det var først etter innspelinga at han spurde Castillo om han kunne få namnet Demian på rulleteksta.

– Eg føler filmen handlar om overgangar og i dette tilfellet var det ein radikal overgang, seier Castillo.

Les også: Kan eigne filmprisar for casting løfte fram kvinner i filmbransjen?

Sofia (Demian Hernández) drøymer seg vekk frå det vesle økosamfunnet der ho bur med far sin til storbyen. Foto: Stray Dogs

Å føle framfor å spele

I filmprosessen er regissøren oppteken av at skodespelarane skal koma i kontakt med sine eigne kjensler. Ifølgje Castillo var det nettopp gjennom prosessen med å kjenna på desse typiske tenåringskjenslene – si eiga fortid, frykt og ønskjer – at Demian innsåg at han ikkje var komfortabel med å vera ei jente.

– Eg er ikkje interessert i at folk skal spela skodespel. Eg er meir interessert i at folk skal koma i kontakt med seg sjølv og nokon andre i konteksta av historien min, seier Castillo.

Sidan Too late to die young er den siste framstillinga av no 20 år gamle Hernandez som jente er det ein spesiell film for både regissør og den unge skodespelaren, som no studerer musikk.

Eit desillusjonert Chile

– Det eg likar i Sofia er ikkje mannleg eller kvinneleg, men ungdom. Ho portretterer den ideen om at det er «too late to die young». Nokon som er for ung, men føler seg gamal og er tvinga til å mista nokre illusjonar for tidleg, forklarar regissøren.

Castillo dreg parallellar frå Sofia si oppvakning til verdas realitetar til heimlandet Chile, som ho òg meiner har mista nokre av illusjonane sine.

– Eg trur foreldra mine hadde det håpet med illusjonane om eit demokrati, men sjå på kva Chile har blitt: Det er eit pengeskapt diktatorskap. Forskjellane mellom folk er enorme, me har ikkje offentleg utdanning og me er isolert i oss sjølv. Chile har endra seg mykje.

Vatn speler ei viktig birolle i filmen, fordi tilgangen er avgrensa for dei idealistiske nybyggjarane. Foto: Stray Dogs